29/08/2016
Aurland Naturverkstad har i over 16 år jobba aktivt for å fremje viktige landskapsverdiar for framtida. No er det over, oppdragsmengda har den siste tida minka og vi ser at dette ikkje er forbigåande. Aurland Naturverkstad har, med verknad frå i dag, meldt oppbod og drifta vil bli avvikla i nær framtid.
Vi takkar våre samarbeidspartar og kundar gjennom åra for interessante og lærerike oppdrag. Aktiv medverknad og gode prosessar er viktige bidrag i utvikling av lokalsamfunn og i forvaltning av ein stad sine natur- og kulturverdiar.