Fjord//Forsk

Fjord//Forsk FJORD//FORSK er forskarseminaret med festivalstemning for deg med hjarte for forsking, formidling og dialog om fjordlandskap, verdsarv, natur og miljø.

Me lanserer FJORD//FORSK som markering av 20 år med verdsarvstatus for Vestnorsk fjordlandskap!

16/10/2025
OPE SEMINAR OM FJORDNATUR - VELKOMEN!
15/10/2025

OPE SEMINAR OM FJORDNATUR - VELKOMEN!

Hallaien!Hjå FJORD//FORSK er helgen fullpakka av spennande foredrag og opplevingar. Bli kjend med andre, smak lokalmat o...
09/10/2025

Hallaien!

Hjå FJORD//FORSK er helgen fullpakka av spennande foredrag og opplevingar. Bli kjend med andre, smak lokalmat og drikke, lær om fjord og fjell, presenter di eiga forsking og opplev Aurland og Nærøyfjorden i vakre haustfargar.

Her er nokre av tinga som er inkludert i deltakaravgifta:

- Pizza av lokale råvarer og quiz hjå Mariannes bakeri
- Hopp i fjorden med FjordSauna
- Spennande foredrag om geologiske hendingar og fjordens miljøtilstand
- Utelunsj i haustskogen med tur til dagsturhytta i Aurland med tematikk om besøksforvaltning og landskap
- Middagsbuffet på Fretheim hotell
- Smakebit frå fjordmusikalen ved vestnorsk fjordlandskap og konsert med Frode Grytten Beat Band
- Foredragsmorgon på Mariannes Bakeri med servering av varm lunsj
- Opplev fjorden på ribtur med FjordSafari eller kajakkpadling med Bulder&Brak

Følg lenka og meld deg på: https://www.naroyfjorden.no/kva-skjer/fjordforsk

Håpar med sjåast i Aurland!

Førsteamanuensis i marinøkologi Marianne Nilsen og professor i kvartærgeolog Stein Bondevik kjem og held føredrag på FJO...
04/10/2025

Førsteamanuensis i marinøkologi Marianne Nilsen og professor i kvartærgeolog Stein Bondevik kjem og held føredrag på FJORD//FORSK i Aurland laurdag 18. oktober! Dei begge jobbar som forskarar ved Høgskulen på Vestlandet HVL.
Marianne Nilsen vil snakke om korleis det står til under fjordoverflata og reflektere rundt status og utvikling for miljøtilstanden i Sognefjorden.
Stein Bondevik sitt tema er fjordlandskapet som geologisk meisterverk.
Dei kjem! -Kjem du?

NB: Marianne kjem og til å sitje i panelet i samband med workshopen "Kunnskap for fjordlandskapet" laurdag kl. 13.30, som er open for alle å delta i.

(Fotokreditering: T.v. Ingvild Festervoll Melien, t.h. HVL)

Adresse

Helabrotet 2A
Aurland
5745

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Fjord//Forsk legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del