Suldal Økonomi og Rådgiving AS

Suldal Økonomi og Rådgiving AS Suldal Økonomi er ein sjølvstendig tenesteleverandør innan økonomi og rådgiving. Vårt arbeid skal bygga på kompetanse, tillit og omsorg for kunden.

Dette gjeld både i høve til tilsette og all kontakt med kunder og andre verksemda har kommunikasjon med. Vårt slagord er ” Du kan rekna med oss….”

Tenk at Suldal Økonomi og Rådgiving AS er 25 år i år!
29/05/2026

Tenk at Suldal Økonomi og Rådgiving AS er 25 år i år!

I 2026 er Suldal Økonomi og Rådgiving 25 år, les meir om kva dagleg leiar Sveinung Skjerahaug og rådgjevar Ola Jelsa har å seia om det.

Me har blitt sertifisert Miljøfyrtårn og i dag hadde me besøk av ordførar Mads Drange som var innom med det synlege bevi...
24/02/2026

Me har blitt sertifisert Miljøfyrtårn og i dag hadde me besøk av ordførar Mads Drange som var innom med det synlege beviset på sertifiseringa vår🥳

Det blir stilt stadig strengare krav til miljø og bærekraft og sertifiseringa er med å gir oss konkurransefortrinn og styrker omdømmet vårt og merkevara vår, samtidig som arbeidet styrker rutinene våre for HMS og arbeidsmiljø for dei tilsette.

Me servera kake og kaffi ut dagen til dei som tek turen innom kontoret vårt

Me er stolte over å få presentera vår nye kollega Kari Havrevoll!Kari har mange års erfaring innan rekneskap og økonomis...
08/01/2026

Me er stolte over å få presentera vår nye kollega Kari Havrevoll!
Kari har mange års erfaring innan rekneskap og økonomistyring frå både offentleg og privat sektor.
Hos oss vil Kari få sin eigen kundeportefølje, og me er sikre på at ho vil gjera ein strålande jobb både for oss og for kundane våre. Kari er ein dedikert og dyktig fagperson, og me gler oss til å samarbeida med ho framover.

Velkommen til oss, Kari! 😃
Foto: Omega 365 Design AS

Driv du eit eige foretak eller er leiar i ein bedrift og syns at økonomi er litt komplisert?Næringshagen i Ryfylke i sam...
18/11/2025

Driv du eit eige foretak eller er leiar i ein bedrift og syns at økonomi er litt komplisert?
Næringshagen i Ryfylke i samarbeid med Suldal Økonomi og Rådgiving AS inviterer til eit nyttig kurs i økonomistyring.
Kursinnhald:
• Grunnleggande økonomiforståing og viktige omgrep
• Oppbygginga av rekneskapen og korleis du les tala
• Budsjett og planlegging – slik at du legg ein betre strategi
• Likviditetsstyring: unngå overraskingar
• Nøkkeltal og styringsinformasjon – med praktiske døme og workshop.
Passar for deg som driv ENK, er leiar eller tilsett som jobber med økonomi og elles alle som vil bruke rekneskapet som eit styringsverktøy - ikkje berre som ei plikt.
Les meir og meld deg på her:

Gjennom året arrangerer me faste kurs, seminar og andre nettverksarenaer for målbedrifter knytt til næringshagen, reiselivet og andre.

14/11/2025

Fredag 14 november er kontoret stengt på grunn av kurs.

For ein inspirasjon det er å få besøka spanande kundar!Nyleg var me innom Dros Matbar & Kaffebar og Suldal Kultivering H...
04/07/2025

For ein inspirasjon det er å få besøka spanande kundar!
Nyleg var me innom Dros Matbar & Kaffebar og Suldal Kultivering

Hos Drøs fekk me nydeleg lunsj medan Bonolo delte visjonar og tankar kring drifta. Det er så kjekt å høyra korleis dei jobbar tett med andre lokale aktørar og nyttar gode, kortreiste råvarer. Engasjementet og pågangsmotet til Bonolo og teamet hennar er imponerande! Har du ikkje smakt den fantastiske kaffien dei brenn sjølve endå? Då bør du ta deg ein tur innom Drøs i Gata på Sand – du vil ikkje angra!

🐟 Hos Suldal Kultivering vart me tekne imot av Sigmund Vårvik og styreleiar Ole Martin Eikeland. Me fekk høyra om kvifor me har klekkeri i Suldal, og om den flotte innsatsen dei legg ned i å forvalta laks i Lågen og aure i dei regulerte fjellvatna. Det var fascinerande å få innblikk i arbeidet dei gjer – ein viktig ressurs for lokalmiljøet og naturen vår.

Fleire av dei tilsette har no tatt ein velfortent ferie, men kontoret vårt held opent som vanleg fram til 11 juli, då blir det stengt til og med 25 juli.
Er det noko som hastar? Då kan du senda ein e-post til [email protected], så hjelper me deg så snart me kan.

Tusen takk til alle kundane våre for godt samarbeid – me set stor pris på dykk! Me ønskjer dykk alle ein riktig god sommar ☀️

19/06/2025

Møt Suldal økonomi og rådgiving!

Eit dynamisk rekneskapfirma som tilbyr gode råd og tett oppfølging, treng ein profil som seier det same. Me har levert logo, nettside og foto og er glade for å vere med på laget!

Adresse

Sandsvegen 134
Sand
4230

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4746537520

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Suldal Økonomi og Rådgiving AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Suldal Økonomi og Rådgiving AS:

Del