FLAGG Sikkerhet

FLAGG Sikkerhet Stolt lokal leverandør av vekter tjenester på Voss, Askøy & Nordfjord
(3)

Me heisar flagget for miljøet 🌱👷‍♀️Visste du at FLAGG Sikkerhet blei Miljøfyrtårn-sertifisert i april 2025Me er per i da...
28/01/2026

Me heisar flagget for miljøet 🌱👷‍♀️

Visste du at FLAGG Sikkerhet blei Miljøfyrtårn-sertifisert i april 2025
Me er per i dag det einaste vaktselskapet på Voss med denne sertifiseringa. Det handlar ikkje berre om klima, men òg miljø, arbeidsmiljø og ryddig drift.
Me køyrer berre el-bilar og meiner alvor når me seier at tryggleik og ansvar går hand i hand 🚓⚡

For ein fantastisk julehelg på Voss 🎄🎷Julejazzen leverte og andre juledag var fult av liv, og stemninga var rett og slet...
29/12/2025

For ein fantastisk julehelg på Voss 🎄🎷

Julejazzen leverte og andre juledag var fult av liv, og stemninga var rett og slett veldig god. Me stilte med fleire vekterar begge dagane, og samarbeidet mellom arrangørar, publikum og oss fungerte akkurat slik det skal.

Tusen takk til alle som tok turen ut, skapte god stemning og viste omsyn til kvarandre. Me håpar alle hadde fine opplevingar og kjende seg trygge gjennom heile helga.

Me fekk jo også gleden av å vera med på ein artikkel om julejazzen! Ein glede å få bli inkludert her☺️

Me gler oss allereie til neste gong.

Link til artikkel(heilt nederst): https://www.avisa-hordaland.no/fekk-ikkje-invitasjon-men-drog-likevel-me-gler-oss-skikkeleg/f/5-132-1041906

☺️🤩🎅
26/12/2025

☺️🤩🎅

– Det er naturleg for meg å jobba i jola, men eg skjønar at det ikkje er like naturleg for alle andre, seier vektar Magnus Mjaavatten i Flagg Sikkerhet.

Siste helga før julaften❤️Me er her.Takk til kundane våre og alle som er ute i helga.God jul frå FLAGG Sikkerhet 🎄Håpar ...
20/12/2025

Siste helga før julaften❤️

Me er her.
Takk til kundane våre og alle som er ute i helga.

God jul frå FLAGG Sikkerhet 🎄
Håpar å sjå dykk igjen 2. og 3. juledag.☺️

🎄 Julebordhelg på Vøringsfossen Hotel 🎄I dag er me på plass på Vøringsfossen Hotel. Det er julebord både fredag og laurd...
28/11/2025

🎄 Julebordhelg på Vøringsfossen Hotel 🎄

I dag er me på plass på Vøringsfossen Hotel. Det er julebord både fredag og laurdag, og me stiller opp med vakthald. Me set stor pris på å få vere ein del av arrangementet og sørge for at gjestene får ei trygg og god oppleving.

Samtidig går alt som det skal heime på Voss. Team Flagg Voss har fullt trøkk som vanleg, og julebordstemninga durar godt hos blant andre MG, Fleischer, Park, Skrot og resten av gjengen som skapar liv i bygda. Teamet vårt tek godt vare på gjestene sine, og me er stolte av innsatsen dei legg ned kvar helg.

Ønsker alle ei trygg og stemningsfull julebordshelg.

🏁FLAGGet stiller opp🏁For ei helg dette har vore. Me hadde vakthaldet på Heidrafest, og folksomt vart da! Det var kjekt å...
23/11/2025

🏁FLAGGet stiller opp🏁

For ei helg dette har vore. Me hadde vakthaldet på Heidrafest, og folksomt vart da! Det var kjekt å stå på jobb mens me høyrde på god musikk, og publikum var både hyggelige og respektfulle gjennom heile arrangementet.

Tusen takk til arrangørane for eit ryddig og oversiktleg opplegg, og ein stor takk til Park Hotel for innsatsen og samarbeidet. Me set pris på alle som står på for at slike arrangement skal bli gode for alle.

🏁Me heisa flagget på Vossamessa!🏁Me har vore på Vossamessa frå 09.30 til 14.30 der me møtte mange flotte arbeidsklare un...
13/11/2025

🏁Me heisa flagget på Vossamessa!🏁

Me har vore på Vossamessa frå 09.30 til 14.30 der me møtte mange flotte arbeidsklare ungdomar og vaksne. Folk som ser ei moglegheit til å ta dei første stega inn i arbeidslivet og bygge eit grunnlag for framtida si, takk til dei som arrangerte!

FLAGG Sikkerhet er framtidsretta og me veit at god rekruttering startar tidleg. Difor set me stor pris på å møte nye talent, vise fram kva me står for og kanskje vere med på å gi dei rett retning vidare. Ungdom som får sjansen tidleg blir ofte den beste arbeidskrafta seinare og det vil me vere med på å dyrke fram.

I dag var me så heldig av å få stå ved sidan av flotte Park Hotel Vossevangen. Betre selskap kan ein knappast be om.

Då er me klar for vossamessa! Me blir her fra 09:30-14:30Kom innom og hels!
13/11/2025

Då er me klar for vossamessa! Me blir her fra 09:30-14:30

Kom innom og hels!

27/10/2025

Eit årvake auga og godt naboskap mellom butikkane på Vangen førte til at eit tjuveri blei avslørt. Vektar Magnus Mjaavatten si observasjonsevne sette i gang ei kjede av hendingar som enda med at politiet fekk tak i tjuvane.

Det er ikkje noko halv stang hos Bergen HiFi i dag 🎶Me hadde gleda av å passa på under opninga av den nye butikken deira...
18/10/2025

Det er ikkje noko halv stang hos Bergen HiFi i dag 🎶

Me hadde gleda av å passa på under opninga av den nye butikken deirans på strusshamn, og kan stadfesta at både lyd og stemning satt som den skulle.

Takk for at de lot oss bidra til ei trygg og vellukka markering – og ja, flagget var absolutt på topp.

Når tryggleik og god stemning skal gå hand i hand, veit du kven du skal snakka med 🛡️

🎳 FLAGG-bowling er i gong!Som stolt sponsor av Voss Bowling stiller me med eige lag i bedriftsserien.Me meiner at eit lo...
16/10/2025

🎳 FLAGG-bowling er i gong!

Som stolt sponsor av Voss Bowling stiller me med eige lag i bedriftsserien.
Me meiner at eit lokalt selskap skal bidra lokalt – difor engasjerer me oss ikkje berre i tryggleik, men også i aktivitetar som skaper miljø, fellesskap og litt konkurranse på ein positiv måte.

Me har fått eigne T-skjorter (dei ser farleg gode ut), og no skal me vise at presisjon og samarbeid funkar like bra på bana som på jobb.

Heia FLAGG! 🚩🔥

🐑Opplevinga held fram – Meieriet og Smalahovesleppet🐑I går delte me litt frå stemninga rundt fredagen, og natt til i dag...
28/09/2025

🐑Opplevinga held fram – Meieriet og Smalahovesleppet🐑

I går delte me litt frå stemninga rundt fredagen, og natt til i dag fekk me sjå korleis tradisjonane verkeleg blir haldne i live.

Smalahovesleppet er meir enn berre ein fest. Her møtast folk i alle aldrar, frå lokale eldsjeler til nysgjerrige gjestar, og alle får kjenne på stoltheita over det som blir skapt på Voss.

Det er nettopp slike arrangement som minner oss på kvifor me held fram med å løfte fram tradisjonar. Tryggleik, fellesskap og gode opplevingar hand i hand.
BYGDA

Adresse

Voss

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når FLAGG Sikkerhet legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til FLAGG Sikkerhet:

Del