21/09/2026
Pussar du opp, byggjer nytt eller lurer på kva du skal gjere med restane etter prosjektet?
25.–27. september finn du Attvin på stand B-02 på Boligmessa i Sparebanken Møre Arena.
Kom innom for ein hyggeleg prat om sortering, ombruk og avfall frå små og store prosjekt. Vi hjelper deg gjerne med spørsmål som:
Kva kan brukast om igjen?
Kva skal sorterast kvar?
Og kvar og korleis leverer du det på rett måte?
Ta med spørsmåla dine. Vi gler oss til å møte deg!
#
Planlegg ditt neste boligprosjekt på Boligmesse! Norges største møteplass for bolig og oppussing – med inspirasjon, ekspertråd og messetilbud.