Retura Søre Sunnmøre AS

Retura Søre Sunnmøre AS Transport - Containerutleige - Avfallshandtering - Kraning Vi tilbyr tenester innanfor ordinært avfall og farleg avfall.

Retura Søre Sunnmøre AS er ein totalleverandør av avfallshandtering, containerutleige, transport og rådgjeving. Trenger du eller din bedrift tenester innanfor avfall eller transport så ta kontakt. Vi ønsker å vere din føretrekte leverandør med brei kompetanse, høg servicegrad og rask responstid.

♻️ BYGDERYDDING I VOLDA KOMMUNE – OPPSTART VEKE 35! ♻️Frå 24. august startar Retura Søre Sunnmøre og VØR opp med bygdery...
17/08/2026

♻️ BYGDERYDDING I VOLDA KOMMUNE – OPPSTART VEKE 35! ♻️

Frå 24. august startar Retura Søre Sunnmøre og VØR opp med bygderydding i Volda kommune.

Bygderydding skal gjere det enklare for innbyggjarane å rydde opp og levere avfall på ein trygg og forsvarleg måte – også i bygdene der det kan vere langt til næraste miljøstasjon.

Gjennom samarbeidet med dei lokale grendalaga ønskjer vi å leggje til rette for rydding, få meir avfall til riktig behandling og bidra til reinare og trivelegare bygder. 🌱♻️

🔩 Kva kan du levere?

På kvar plass set vi ut containerar for:
🔹 Blanda metall
🔹 Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall)

Her kan du levere gamle metallgjenstandar og elektriske produkt som du ønskjer å bli kvitt. Avfallet blir samla inn og sendt vidare til riktig behandling og gjenvinning.

⚠️ Riktig sortering er viktig!

For at vi skal kunne halde fram med bygderydding som eit godt tilbod til grendene, er vi avhengige av at avfallet blir sortert riktig.

Følg skiltinga på containerane nøye, og legg avfallet i riktig container. Feilsortering fører til ekstra kostnader og meirarbeid, og kan gjere det vanskelegare å oppretthalde tilbodet i framtida.

Når alle bidreg og sorterer riktig, kan vi saman sørgje for at bygderyddinga kan halde fram. 💚

📅 24. august–31. august
📍 Lid – Lid Grendalag
📍 Lauvstad – Lauvstad og Velsvik Grendalag
📍 Løvika – Dravlaus og Innselset Grendalag

📅 31. august–7. september
📍 Steinsvik – Indre Dalsfjord Grendalag
📍 Dalsbygda – Dalsbygd Grendalag
📍 Folkestad – Folkestad Grendalag
📍 Bjørkedal – Bjørkedal Grendalag

📅 7.–14. september
📍 Høydalen – Høydalen Grendalag
📍 Straumshamn – Kilsfjord Grendalag
📍 Austefjorden – Austefjord Grendalag
📍 Hornindal – Hornindal Grendalag

📅 14.–21. september
📍 Kalvatn – Kalvatn Grendalag
📍 Bjørke – Bjørke Grendalag
📍 Hjartåbygda – Hjartåbygda Grendalag
📍 Vikebygda – Vikebygda Grendalag

👉 Finn di bygd, merk deg datoane og nytt høvet til å få rydda!

♻️ Hugs: Følg skiltinga på containerane og sorter riktig – slik hjelper du oss med å halde fram med bygderyddinga! 💚

Del gjerne innlegget slik at informasjonen når ut til flest mogleg.

Retura Søre Sunnmøre og VØR

♻️ Visste du at tau kan få nytt liv som nye plastprodukt?Alt tauet vi får inn frå oppdrettsnæringa og andre kundar, blir...
14/08/2026

♻️ Visste du at tau kan få nytt liv som nye plastprodukt?

Alt tauet vi får inn frå oppdrettsnæringa og andre kundar, blir sortert etter farge før det går vidare til materialgjenvinning.

Kvifor sorterer vi etter farge? 🎨
Ved å halde dei ulike fargane frå kvarandre får ein eit betre og meir einsarta råmateriale, og kan i større grad lage nye produkt utan å måtte tilsetje like mykje ny plast eller fargestoff.

Etter sortering blir tauet sendt vidare til gjenvinning, der materialet blir kverna, reinsa og bearbeidd til ny plastråvare. Denne råvara kan deretter brukast i produksjonen av nye plastprodukt.

Slik går tau frå å vere avfall til å bli ein verdifull ressurs i nye produkt. 🔄

For oss i Retura handlar god sortering ikkje berre om å handtere avfall – det handlar om å ta vare på ressursane og halde materiala i kretsløpet så lenge som mogleg. 🌍♻️

Sortering gir verdi – også når det gjeld tau!

📊 Vil du vere med og forme ei ny og sentral rolle innan økonomi og verksemdsstyring?VØR og vårt dotterselskap Retura Sør...
17/07/2026

📊 Vil du vere med og forme ei ny og sentral rolle innan økonomi og verksemdsstyring?
VØR og vårt dotterselskap Retura Søre Sunnmøre søkjer no ein engasjert og framtidsretta økonomileiar til ei nyoppretta nøkkelrolle.
Som økonomileiar får du ei sentral rolle i to solide verksemder med viktige samfunnsoppdrag. Du vil arbeide tett med leiing og styre, bidra til strategiske avgjerder og vere med på å vidareutvikle økonomifunksjonen og styringsverktøya våre.
Vi ser etter deg som har økonomifagleg kompetanse, god systemforståing og interesse for utvikling og forbetring.
♻️ Hos oss får du moglegheita til å bidra til berekraftige løysingar og god ressursforvaltning på Søre Sunnmøre.
📍 Arbeidsstad: Hovdebygda
📅 Søknadsfrist: 16. august 2026
Les meir om stillinga og søk her:

Ver med og forme ei ny og sentral rolle innan økonomi og

🎉 No startar vi opp med eigne ruter i fleire kommunar!Vi i Retura Søre Sunnmøre gledar oss stort til å fortelje at vi fr...
30/06/2026

🎉 No startar vi opp med eigne ruter i fleire kommunar!
Vi i Retura Søre Sunnmøre gledar oss stort til å fortelje at vi frå 1. juli startar opp med eigne ruter på komprimatorbil i Hareid, Ulstein, Herøy og Sande kommune – i tillegg til Fiskå, Eidså og Syvde i Vanylven kommune!
Dette betyr at vi no kan tilby eit totaltilbod innan avfall og gjenvinning også i desse områda. 🚛♻️
Med moderne utstyr og profesjonelle løysingar kan vi hjelpe di bedrift å nå sine miljømål gjennom trygge, effektive og miljøvennlege avfallstenester. Vi tek hand om heile prosessen – frå henting til sortering og gjenvinning – slik at de kan fokusere på drifta, medan vi tek oss av avfallet på ein berekraftig måte.
Er du eller bedrifta di på utkikk etter ein god avfallsleverandør? Ta gjerne kontakt med oss for eit godt tilbod på avfallstenester – vi hjelper deg gjerne i gang!
📞 Ta kontakt med oss i dag!

🟡 Ny sorteringsmaskin har landa! 🟡I dag fekk vi overlevert vår nye Liebherr LH22 sorteringsmaskin – og sjåfør Ole Jonny ...
25/06/2026

🟡 Ny sorteringsmaskin har landa! 🟡
I dag fekk vi overlevert vår nye Liebherr LH22 sorteringsmaskin – og sjåfør Ole Jonny er meir enn fornøgd! 😄
Den nye maskina er eit tydeleg steg i rett retning for miljøet. Ho er utstyrt med ein Stage V-sertifisert motor – det strengaste avgasskravet for anleggsmaskiner i Europa – som gjev markant lågare utslepp av både partiklar og nitrogenoksid (NOx). Liebherr sitt eigutvikla hydraulikksystem er òg designa med fokus på lågt drivstofforbruk og effektiv energiutnytting – noko som direkte reduserer CO₂-avtrykket vårt i den daglege drifta.
For oss i Retura Søre Sunnmøre, som jobbar kvar dag for betre ressurshandtering, er det viktig at verktøya våre òg reflekterer dei same verdiane. ♻️
Gleder oss til å sjå ho i aksjon! 💪

Har du eit vrak ståande? Vi tek imot! 🚗♻️Hjå Retura i Ørsta kan du levere bilvrak, campingvogner, motorsyklar, båtar, bu...
04/06/2026

Har du eit vrak ståande? Vi tek imot! 🚗♻️

Hjå Retura i Ørsta kan du levere bilvrak, campingvogner, motorsyklar, båtar, bubilar, lastebilar, metall, skrapjern, bilbatteri, landbruksutstyr og meir. Vi sørgjer for trygg og miljøvenleg handtering, og du får enkel levering hos godkjent vrakmottak.

Vi samlar inn og tek imot frå heile regionen, inkludert Ørsta, Volda, Vanylven, Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og resten av Søre Sunnmøre.

📍 Du finn oss i Torvmyrane 25C, 6160 Hovdebygda

📞 Ring oss på 70048610

Ta kontakt om du vil levere vrak, har metall som skal ryddast vekk, eller lurer på kva vi kan ta imot.

Enda ein helligdag står for tur, og vi må flytte på eine restavfallsruta vår♻️Trykk på linken under for å sjå kva som er...
21/05/2026

Enda ein helligdag står for tur, og vi må flytte på eine restavfallsruta vår♻️
Trykk på linken under for å sjå kva som er endra👇

https://www.retura-ss.no/endra-tommedag-pinse/

Ha ei fin pinsehelg når den kjem🤩

🚛✨ Nybil på tunet! ✨🚛Svein Erik har fått seg splitter ny Scania, og den er klar for nye oppdrag på vegen! 😍 Me ønskjer S...
19/05/2026

🚛✨ Nybil på tunet! ✨🚛

Svein Erik har fått seg splitter ny Scania, og den er klar for nye oppdrag på vegen! 😍
Me ønskjer Svein Erik masse lukke til med ny doning – køyr forsiktig og nyt kvar tur! 👏💨

Ei stor takk til Scania Ålesund for god service og flott levering! 🤝🚛

Pga Kristi himmelfartsdag, så må vi endre på rutene våra😄 Trykk her for å sjå👇
12/05/2026

Pga Kristi himmelfartsdag, så må vi endre på rutene våra😄

Trykk her for å sjå👇

05/05/2026

Adresse

Torvmyrane 29
Ørsta
6160HOVDEBYGDA

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Retura Søre Sunnmøre AS legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Retura Søre Sunnmøre AS:

Snarveier

Del