19/01/2025
Da har vi landa litt etter ei travel veke som på torsdag vart toppa med ein super og innholdsrik dag saman med våre fantastiske medlemsbedrifter og utdanningsorganisasjoner på Karrieredagen 2025.
Vi haddde over 650 mennesker innom enten som
studenter/elever/lærere/foreldre/bedrifter/andre. Vi er så imponert og stolte over bedriftsdeltakerne som bare leverte så til de grader på å vise kva dei arbeider med, som jobba bevisst med rekrutering og som tok seg god tid til å både snakke med og engasjere de unge.
Tradisjonen tru vart Karrieredagen opna av Ordførar. Bente Kari Sletten Taranger opna messa formelt trygt og stødig og ho delte litt om viktigheten av ungdommane sin betydning for Austevoll kommune, om sin utdanningsbakgrunn og tanker ho hadde som ung og no.
Vi hadde med oss Mykola Basyuk, Oleksi Kyrys og Serhii Felix Bonder på lyd og lys, og for ett team! Dei er alle frå Ukraina og har komen til Austevoll som flyktninger frå krigen, og vi er så heldige som har fått deres kompetanse hit på tross av det forderdelige som pågår. Dei åpna med eit fantastisk lys show. Berre for å name droppe litt så har dei jobba med dei største stjernene i Ukraina, på de største scenene og Oleksi har jobba med lys på musikk videoer for blant annet Miley Cirus, U2, Muse, Ed Sheran … just saying 😊 Dei er leda av dyktige Mykola.
Våre eigen «Ingebjørg» Ingelin Hausberg trollbant oss alle med sin versjon av sangen «Ingen er som du» akkompangert av Sigurd. Nydelig ! Budskapen til de unge – du er god nok og du har vett nok!
Årets keynote taler var Arne Møgster, CEO Austevoll Seafood ASA og han leverte eit inspirerande motivasjonsforedrag til refleksjon. Han oppfordra dei unge til tørre å pusje grensene litt utover comfort zonen mot det han kalte «panic zonen» og peika på at det er der utvikling skjer. Han oppfordra dei og til å trene «orkemuskelen» den skiller klinten fra veten i eit arbeidsmarkedet der man ønsker å skille seg litt ut.
Aktiviteten fra scenen vart avslutta med ett panel beståande av Arne Møgster, CEO Austevoll Seafood ASA, Anders Hjelle, rektor Austevoll Ungdomskule, Bente Kari Sletten Taranger, ordfører Austevoll Kommune, Kjetil Steinsland, Seksjonssjef Havforsknings Instituttet, avdeling Austevoll, Vivian B. Horgen, rektor Austevoll Vidaregåande Skule og Hege Lauvik, leiar Austevoll Næringsråd som delte refaringar og gode råd til ungdommane. Vivian poengterte at det er heilt ok å velge noko nytt etter at ein har byrja på noko som kanskje ikkje heilt passa allikevel. Kunnskap er aldri feil . Ein må fylgje hjarta sitt og velje noko som ein verkeleg er interessert i og tørre å ta eit eige val.
Takk til alle som bidro – dette er blitt en dag som både studentar og dei vaksne ser fram til og det er takka være våre dyktige bedrifter og våre partnare. Og ikkje minst takk til mitt eige team i ANR med Solbjørg S. Blix i spissen. Dei siste åra har vi hatt med oss Austevoll Opplæringskontor som partnar i dette prosjektet og det set vi veldig pris på.
Dåke er rå hele gjengen !
Me gler oss allereie til 2026 og Karrieredagen som er satt til 15 Januar 2026, berre å booke kalenderen.
Hege Lauvik
Leiar Austevoll Næringsråd