03/05/2015
I dag tenkte eg å komma med eit resymè fra Afrikaturen:
Det er underlig kordan me tenker om Afrika – og kva landet er for noke, før me plutselig er der! Uganda var så frodig og vakkert at det kunne ta pusten fra ein. Store frodige trær i stor skog, grønne marker og et magisk landskap, var det første som slo meg. Eg har vært og sett til at grisene til Jenfrid og Chime har det bra, og at prosjektet er så vellykka som det høyrdes ut! Det var en opplevelse å ha sett alt frå den verste fattigdommen til det vakre dei har å by på i Uganda.
I regnskogbeltet rundt Ekvator har dei god jord å plante i, også i tørrare periodar. No var det regntid. Dei som har eit jordstykke å plante på, jobbar hardt alle som ein – ståande med hakka si, bøyd over jord og plantar, frå tidleg morgon til sola går ned. Mais og bønner. Grisen har hjulpet mange fattige kvinner til å bli meir sjølforsynte i den grad at dei no kan sende born på skulen, og ha nok mat til familien! Nokre bur i små murhus, andre i rønner eller skur. Noken har pynta hagane sine med flotte buskar og blomster. Dei er tilsynelatande lykkelege i sin kvardag, og det var ikkje langt mellom latterdørene når dei innfødte snakka med kvarandre. Ungane leikar, går på skule og hjelper mor etterpå. Eg er likevel mest imponert over alle dei fattige sin måte å takle motgang og fattigdom på: Dei deler med kvarandre om noken ikkje har. Døyr ei mor, er det gjerne ei anna mor som tek over barna hennar. Det gjer inntrykk!
Chime sitt prosjekt i Uganda har hatt mange uventa ringvirkningar på ting. Positive ringvirkningar! Damene har blitt bedre på å stå saman om ting, dei kjenner sine rettighetar, og tek bedre vare på seg sjølv og borna sine. Dei er meir sosiale og det er tydeleg at dette aukar trivselen til alle. Dei har fått skule, klinikk med lege og sjukepleiar på staden, eige apotek for alle i nabolaget, folk som følgjer dei opp osv.
Eg har eit bilete på kontoret mitt der det står:
«Livet er ikkje meint å vera lett.
Meininga med livet er at du har levd!
Noen ganger er du lykkelig
Andre ganger er tidene tøffe
Men, med einkvar opptur og nedtur,
lærer du noe som gjør deg sterk!»
Lite tenkte eg på at dette er like aktuelt hos de fattige Afrikanske kvinnene som det er for oss! I vanskelege tider har me alle håp om at ting skal bli betre!
Eg er blitt ein rikare person etter disse opplevingane, og tenkte i dag at eg ville dele dette med dåke idag! Eg vil takka Jenfrid for turen, og fordi ho trudde på at dette prosjektet ville vera gjennomførbart.
Fakta om Chime som prosjekt går ut på at ei fattig afrikansk dame får lån til ein gris, alar den opp, og når grisen får grisungar, leverer ho to grisar tilbake. Desse i sin tur går vidare til to nye fattige afrikanske kvinner, som då får grisen på same premissene. Dette er mikrolån. Til no har nærare 1800 kvinner fått hjelp i 19 landsbyar! Det fine med dette er at det ikkje vore knytt til noke administrasjonskostnader! Sjå www.chime.no.
Eg er imponert!