Spira utvikling

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Spira utvikling Spira utvikling AS er ei bedrift med spesielt tilrettelagde arbeidsplassar. Hos oss kan den enkelte få utvikle seg og betra livskvaliteten sin gjennom arbeid.

Me er ei bedrift som skal ivareta personar som ikkje er i stand til å utføre arbeid i den ordinære arbeidsmarknaden. Her skal ein få ein meiningsfylt kvardag, å kjenna gleda av å gjere noko nyttig.

Øyane ASVO A/S tilbyr tilrettelagte arbeidsoppgåver til kvar enkelt. Vårt mål er å gjere brukar til ein bidragsytar i samfunnet, i staden for ein bidragsmottakar. Me har vår overordna verdi me kalla for TRU: Dette står for Tryggleik, Raushet og Utvikling

10/10/2026

Jula kjem fort!♥️ Bestill julegåve hjå oss og bidra til eit meir inkluderande næringsliv🌱

🌱Ny kollega på laget: Asgerd Sandberg Noraberg (26). Ho kjem opphavleg frå Høydalsmo, men kjærleiken brakte ho til Etne....
25/09/2026

🌱
Ny kollega på laget: Asgerd Sandberg Noraberg (26). Ho kjem opphavleg frå Høydalsmo, men kjærleiken brakte ho til Etne. Asgerd er utdanna sjukepleiar, og har arbeidserfaring frå Sjukehuset Telemark og heimesjukepleia i Kviteseid. Ho har i tillegg bakgrunn frå TIP VG1 og Design og Handverk VG1 – ei allsidig fagsamansetjing som seier mykje om kven ho er.
Oppvaksen på gard har ho stor interesse for dyr og traktorkøyring. Ho likar samstundes å skru på bilar, og har i tillegg interesse for kunst og handarbeid.
No ser Asgerd fram til å bli ein del av ei inkluderingsbedrift, der ho får bidra til meistring og utvikling hjå våre tilsette.
Hjarteleg velkomen til Spira, Asgerd! 🌿

15/09/2026

Heiso Reis laget til Spira utvikling er klar for knallhard næringslivskonkurranse 💪🤩

🌿 Vil du bli med når vaskeriet vårt veks?Me søkjer ein engasjert vaskerioperatør til Spira utvikling i Etne. Vaskeriet e...
01/09/2026

🌿 Vil du bli med når vaskeriet vårt veks?

Me søkjer ein engasjert vaskerioperatør til Spira utvikling i Etne. Vaskeriet er i sterk vekst etter nye avtalar med Haugesund sjukehus, og du får ei viktig rolle i ein produksjon som betyr noko.

Hjå oss får du: ✓ Fast stilling i ei verksemd i vekst ✓ Meiningsfylt arbeid med gode kollegaer ✓ Ein arbeidsplass med rom for alle ✓ Tariffavtale, pensjon og god opplæring

Du blir med i den daglege drifta på rein og urein side, planlegg og koordinerer arbeidsoppgåver, og sikrar at kvalitetskrava blir følgde. Erfaring frå produksjon eller vaskeri er ein fordel — men vi legg like stor vekt på at du er trygg i møte med menneske, strukturert og løysingsorientert.

📅 Oppstart 1. november · Søknadsfrist 30. september
Kandidatar blir vurderte fortløpande, så send gjerne søknaden din tidleg.

📩 Send CV til [email protected] 📞
Spørsmål? Ring 53756918 og spør etter Herborg.

Litt betre kvar dag.

Leiaren vår Kenneth deltek i produksjonen på urein side i dag. Han ønske å kjenne på trykket, få innsikt i korleis kvard...
21/08/2026

Leiaren vår Kenneth deltek i produksjonen på urein side i dag. Han ønske å kjenne på trykket, få innsikt i korleis kvardagen oppleves på denne avdelinga. Han gjekk sjølvsagt inn med godt mot og sporty innstilling😀

Me heie på leiaren vår, bra jobba Kenneth👏

Velkomen til Spira utvikling, Brit Turid🌱Me er svært glade for å ønske Brit Turid Klungland velkomen til Spira utvikling...
19/07/2026

Velkomen til Spira utvikling, Brit Turid🌱

Me er svært glade for å ønske Brit Turid Klungland velkomen til Spira utvikling! Ho skal starte 1.oktober som karriererettleiar hjå oss.

Brit Turid har fleire års erfaring innan HR og kjem frå stillinga som KHMS - leiar i Seam. No ønsker ho å jobba meir med det menneskelege, ein arbeidsplass som har det å hjelpe folk som ein grunnverdi.

Brit Turid er 49 år gamal, gift og har tre barn. Ho kjem frå Ølen, der ho eig ein gard som ho paktar bort.
Ho brenn for at folk skal få ein sjanse, og for å sjå at andre lukkast. I tillegg jobbar ho systematisk og målretta, og eig ein sterk rettferdsans. Vi er svært takksame for å nyte godt av ressursane hennar.

Som karriererettleiar hjå Spira utvikling inneber arbeidsoppgåvene individuell karriererettleiing og tett oppfølging av deltakerar, kartlegging av kompetanse, ressursar og mål, samt retteliing i jobbsøkarprosessar som CV, søknad og intervju.
Ein arbeider aktivt mot arbeidsgjeverar og næringsliv i Vindafjord/Etne kommmune og Haugalandet, byggjer og vedlikeheld relasjonar og nettverk, og samarbeider tett med NAV og andre partnerar.
Brit Turid vil vera ein viktig støttespelar for våre deltakerar på veg mot arbeid, meistring og utvikling. 🌱

Gi ein tommel opp eller legg igjen ein kommentar og ønsk Brit Turid velkomen! Me gler oss til å bli betre kjent med deg🌱

16/06/2026

"Norge har mange utfordringar. At folk vil arbeida, bør ikkje vera ein av dei. Det bør vera ein del av løysinga."
12/06/2026

"Norge har mange utfordringar. At folk vil arbeida, bør ikkje vera ein av dei. Det bør vera ein del av løysinga."

Over 100 000 unge utanfor - me har ikkje råd til å la det halde fram.

Draktvask hos Spira – fredag kveld under etnecup.no!Godt å sleppe å stå med vaskemaskina full av gjørmete og våte drakte...
12/06/2026

Draktvask hos Spira – fredag kveld under etnecup.no!

Godt å sleppe å stå med vaskemaskina full av gjørmete og våte drakter?

- Lever inn samla for laget, så ordnar vi resten.
- Møt opp utan avtale. Open fredag kl. 19–22.
- 55 kr per sett, minimum 550 kr per lag.

Stad: Tongane 59, Etne.

Velkomen innom!⚽️🌱

For ein dag!!!🤩TAKK til alle dei 196 personane som kom for å feira 30 års jubileumet saman med oss! Dåken er gode - tenk...
10/06/2026

For ein dag!!!🤩

TAKK til alle dei 196 personane som kom for å feira 30 års jubileumet saman med oss! Dåken er gode - tenk at Spira er blitt 30 år 🇳🇴

Etter ein vél gjennomført markering med live musikk, talar, mat, gåver og aktiviteter for store og små - seier me takk for idag!🎊

Her kjem det nokre bileter frå festen!📸

Adresse

Tongane 59
Etne
5590

Åpningstider

Mandag 07:00 - 15:00
Tirsdag 07:00 - 15:00
Onsdag 07:00 - 15:00
Torsdag 07:00 - 15:00
Fredag 07:00 - 15:00

Telefon

+4753756918

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Spira utvikling legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Spira utvikling:

Snarveier

Del