04/09/2026
I går møttest vi for å feire at satsinga Smakslandet Sunnfjord endeleg kan starte. Rundt bordet i det tradisjonsrike Fjordamattunet på Jølster sat bønder og bakarar, kokkar og andre med interesse og engasjement for lokalmat.
Bak satsinga står Sunnfjord Utvikling og Nytta As, i samarbeid med Aksello. Målet er å styrke verdiskapinga mellom landbruk, kulturarv og reiseliv i regionen vår.
Prosjektleiar Janne Karin Støylen tok oss med gjennom historia til Sunnfjordingen, som alltid har funne levevegar attåt landbruket. Langs fjorden og elvane, over breane, i vevstover, eldhus, smier og bakstekjellarar. No skal vi saman finne nye moglegheiter for dei som vil dyrke jorda, nytte seg av dei ressursane vi har rundt oss og tilby besøkande gode opplevingar.
Kveldens gjest, tv-kokk Andreas Viestad, minna oss om kvifor dette betyr noko:
«Mat er ein veldig fin måte å sette eit reisemål på kartet. Sunnfjord er lite kjent, men har så mykje ressursar».
Satsinga vart fullfinansiert 25. august med tilretteleggingsmidlar frå Vestland fylkeskommune, i tillegg til støtte frå Sparebanken Norge, Agenda Vestlandet og Sparebankstiftinga i Fjaler.
«Vi har venta på dette signalet lenge, og no er vi klare. Partnarane og gründerane som har sagt
seg villige til å bidra, har venta på nettopp dette», seier Ørjan Stubhaug, dagleg leiar i Sunnfjord
utvikling AS.