Aksello

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Aksello Aksello er ein del av den nasjonale inkubatorsatsinga og Kinn kommune sitt næringsapparat. www.aksello.no Aksello er ein del av den nasjonale inkubatorsatsinga.

Med utgangspunkt i dei ressursane vi har langs kysten er målsettinga å bidra til auka nyskaping og utvikling. Aksello er også Kinn kommune sitt næringsapparat. Bistand og rettleiing til grunderar og etablerarar er prioriterte oppgåver.

DIVA er godt i gang - sjå glimt frå det første arrangementet 👇
03/09/2026

DIVA er godt i gang - sjå glimt frå det første arrangementet 👇

NY DATO! Gratis FoU-møte om digitalisering, automatisering og robotiseringKorleis kan ny teknologi bidra til å løyse kon...
21/08/2026

NY DATO! Gratis FoU-møte om digitalisering, automatisering og robotisering

Korleis kan ny teknologi bidra til å løyse konkrete utfordringar i industrien?

Aksello inviterer, i samarbeid med FORREGION Vestland og Høgskulen på Vestlandet HVL, til FoU-møte om digitalisering, automatisering og robotisering i industrien på Campus Verftet i Førde 30. september.

Det blir faglege innlegg, erfaringsdeling, nettverksbygging og workshop – med bidrag frå mellom anna HVL, Westcon, Retrams og Kompetansesenteret for Robotteknologi.

📅 30. september | 09.00–13.30
📍 Campus Verftet, Førde
🎟️ Deltaking er gratis

👉 Sjå programmet og meld deg på: https://aksello.no/fou-mote-om-digitalisering-i-industrien/

Sunnfjord Utvikling AS | Vilje helseklynge | Kunnskapsparken Vestland | Nytta As | Studiesenter Kysten | Klar Bedrift | Mogleg | Måløy Vekst

Kurs i leiarutviklingVil du utvikle deg som leiar og bli betre rusta til å skape resultat i eigen verksemd?I haust invit...
20/08/2026

Kurs i leiarutvikling

Vil du utvikle deg som leiar og bli betre rusta til å skape resultat i eigen verksemd?

I haust inviterer Aksello og Studiesenter Kysten, i samarbeid med Tell Norge, til eit praktisk leiarutviklingskurs i Florø.

Gjennom tre samlingar får du fagleg påfyll, praktiske verktøy og tid til å reflektere over utfordringar du møter i kvardagen som leiar. Vi går mellom anna inn på leiarrolla, personalleiing, kommunikasjon, team og kultur, forbetringsarbeid, endringsleiing og omstilling.

Mellom samlingane arbeider du med ein personleg utviklingsplan, slik at du kan prøve ut det du lærer i eigen arbeidskvardag.

📅 13., 20. og 27. oktober 2026
📍 Byx Cowork, Florø

Bedrifter som er tilknytta Aksello sine program kan i tillegg få støtte til å dekke inntil 50 % av kostnaden. Ta gjerne kontakt for å høyre om det finst moglegheiter for støtte eller rabatt.

👉 Les meir og meld deg på:

Aksello og Studiesenter Kysten inviterer i samarbeid med Tell Norge til eit praktisk leiarutviklingskurs i Florø for deg som ønskjer å utvikle deg som leiar og skape betre resultat i eiga verksemd. Gjennom tre samlingar får du fagleg påfyll, praktiske verktøy og tid til refleksjon rundt utford...

Autorisasjonskurs i styrearbeidVil du bli tryggare i styrevervet – eller ta steget inn i styrearbeid?19.–20. november in...
20/08/2026

Autorisasjonskurs i styrearbeid

Vil du bli tryggare i styrevervet – eller ta steget inn i styrearbeid?

19.–20. november inviterer Aksello og Studiesenter Kysten, i samarbeid med Styreforeningen, til to intensive dagar med fokus på profesjonelt styrearbeid, ansvar, strategi og økonomi.

Du får fagleg påfyll, praktiske case, diskusjonar og erfaringsutveksling, og kurset blir avslutta med autorisasjonstest og autorisasjonsbevis.

📅 19.–20. november 2026
📍 Byx Cowork, Florø

Kurset passar for både noverande og framtidige styremedlemmer, eigarar, investorar og daglege leiarar.

Bedrifter som er tilknytta Aksello sine program kan i tillegg få moglegheit for støtte til å dekke delar av kostnaden. Ta gjerne kontakt for å høyre om det finst moglegheiter for støtte eller rabatt.

👉 Les meir og meld deg på:

Aksello og Studiesenter Kysten inviterer i samarbeid med Styreforeiningen til styreautorisasjonskurs i Florø den 19.–20. november. Gjennom to intensive kursdagar får du solid kompetanse innan profesjonelt styrearbeid, ansvar, strategi og økonomi. Kurset kombinerer faglege forelesingar, praktisk...

📣 Hurra! Dimeq vann Nor-Fishing sin Innovasjonspris! 🥳"Dimeq var ein av tre finalistar, og juryen la særleg vekt på komb...
18/08/2026

📣 Hurra! Dimeq vann Nor-Fishing sin Innovasjonspris! 🥳

"Dimeq var ein av tre finalistar, og juryen la særleg vekt på kombinasjonen av høg innovasjonsgrad, relevans for fiskerinæringa og dokumentert marknadspotensial. Juryen meiner Dimeq skil seg ut ved å samle heile tryggingskjeda – frå deteksjon og posisjonering til varsling og kommunikasjon – i éi teknologisk plattform." 👏

Dette er stor stas!

Vi i Aksello håpar merksemda kan vere med på at fleire får auga opp for løysinga og selskapet, og dermed er ein endå nærare å sikre tryggare kvardagar for dei som har arbeidsplassane sine til sjøs.

Dimeq frå Bremanger gjekk heilt til topps då Innovasjonsprisen 2026 blei delt ut under Nor-Fishing i Trondheim tysdag.

Alexandria Nakpil Følsvik i  Aksello har lenge sakna ein arena der ambisiøse kvinner i distrikta kan dele erfaringar og ...
17/08/2026

Alexandria Nakpil Følsvik i Aksello har lenge sakna ein arena der ambisiøse kvinner i distrikta kan dele erfaringar og spørje om råd.

Alexandria og Aksello har i samarbeid med Hub for Ocean og Måløy Vekst startet nettverket DIVA.

Under Innovasjonsuken OPP samlar ho gründerar, forskarar og investorar til ein panelsamtale om korleis fleire kvinner inn i entreprenørskap.

Kva skaper eller løyser du akkurat no?
DIVA er eit nettverk som skal bidra til å styrke kvinna i Sogn og Fjordane. DIVA står for distrikta, inspirasjon, verdiskaping og allianse. Nettverket byggjer på tre grunnpilarar. Entreprenørskap og arbeidsliv, økonomi og kvinnehelse. Nettverket skal bidra til å synleggjere rollemodellar, arrangere faglege og sosiale arrangement der vi kan dele erfaringar og kunnskap, samt heie på kvarandre og bli inspirert.

Kva er ditt fokus?
Fokuset er å bygge ein trygg arena der vi kan bidra til inspirasjon – der dei som lenge har tenkt på å ta steget ut, anten om det er å starte for seg sjølv eller søke den jobben, kan få det "dyttet" dei treng. Ein arena der vi kan dele kunnskap og erfaringar, der terskelen for å spør om råd er låg. Ein arena eg lenge har lengta etter, som ein ambisiøs person som bur i distriktet. Når kvar og ein av oss får utnytte vårt maksimale potensiale, er det ikkje berre verdifult for den enkelte – det vil gagne heile samfunnet.

Kva meiner du Vestland bør fokusere på?
Det er viktig at vi har fokus på kvinnar i alle livsfasar. Her ligg det store moglegheiter, både for næringslivet og samfunnet.

Kva råd vil du gi til nokon med ein ny idé?
Våg å ta kontakt med den personen som har inspirert deg. Be om eit møte, dei aller fleste vil meir enn gjerne fortelje om sine erfaringar. Det er viktig med ein sparringspartnar som du stolar på, og som gjerne har andre kvalitetar og erfaringar enn deg. Her er mykje kunnskap å hente!

Hele bloggposten: https://www.innovasjonsukenopp.no/aktuelt/diva-skal-fa-flere-kvinner-til-a-starte-opp (+ link i bio)

🏆 Dimeq er ein av tre finalekandidatar til Nor-Fishing sin Innovasjonspris!Dimeq er nominert for si maritime sikkerheits...
17/08/2026

🏆 Dimeq er ein av tre finalekandidatar til Nor-Fishing sin Innovasjonspris!

Dimeq er nominert for si maritime sikkerheitsplattform, som har som mål å forhindre tap av liv på sjøen. Plattformen kombinerer armbånd, sensorar og kommunikasjonssystem for å auke tryggleiken i fiskeri- og havbruksnæringa.

Vi har verkeleg grunn til å vere stolte av inkubatorbedriftene våre! Dimeq er eit godt døme på bedrifter som utviklar nye og spennande løysingar, og no heiar vi ekstra på dykk i jakta på Innovasjonsprisen! 👏

Vil du ta ein prat med gjengen? Du finn dei på Nor-Fishing denne veka.

Og når du først er innom: Besøk gjerne dei andre inkubatorbedriftene våre, Havland og Arez. Dei finn du på Vestland fylkeskommune sin stand A-118.

https://nor-fishing.no/en/2026/06/30/designed-to-prevent-loss-of-life-at-sea-innovation-award-2026/?fbclid=IwY2xjawTvqoBwZG9mAWV4dG4DYWVtAjExAHNydGMGYXBwX2lkEDIyMjAzOTE3ODgyMDA4OTIAAR4JXmr4PKxDXIFrKpWfMcxm_qnsV0YOmcCkF6zVoKLzGi4LzUZPUHisWWur1A_aem_kTZfp6sesrhz_5QO8ytPeA

With its maritime safety platform, Dimeq aims to give crew and shipowners real-time oversight during emergencies – and automatic alerts the moment an accident occurs.

🚀 Ingenting gler oss meir enn når inkubatorselskapa sikrar finansiering og satsar lokalt!Havland er verdsleiande i yngel...
14/08/2026

🚀 Ingenting gler oss meir enn når inkubatorselskapa sikrar finansiering og satsar lokalt!

Havland er verdsleiande i yngelproduksjon av torsk. No investerer dei 200 millionar i vidare utbygging for å møte behova til ei næring i vekst.

Havland er eit selskap som gjennom eiga forretningsutvikling samstundes har fokus på næringsutvikling, samfunnsutvikling og kompetanseutvikling. Det er særskilt viktig for å bygge morgondagens arbeidsplassar i distrikta. Havland er godt i gang og har gravemaskina klar på mandag allereide 🐟

Om du vil ha ein prat med menneskja som står bak, så finn du dei på Vestland fylkeskommune sin stand på Nor-Fishing neste veke! 🥳

Gratulerer så mykje med milepælen. Vi ønskjer dykk lykke til!

Torskeoppdretter Havland investerer for 200 millioner kroner i Florø.

Adresse

Strandgata 52
Florø
6900

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4747262635

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Aksello legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Aksello:

Snarveier

Del

Kategori