The Norwegian Ship Design Company

The Norwegian Ship Design Company Kontaktinformasjon, kart og veibeskrivelse, kontaktskjema, åpningstider, tjenester, stjerner, bilder, videoer og kunngjøringer fra The Norwegian Ship Design Company, Fords.

We are a first class Ship Design, Consultancy - and Advisory company specialized in energy efficient and low or zero emission ship design solutions for the future.

Vi er stolte av å dele bilder fra MF Misterøy, vårt design NSD60CFe, under sjøprøver ved Özata Shipyard i Istanbul for T...
31/08/2026

Vi er stolte av å dele bilder fra MF Misterøy, vårt design NSD60CFe, under sjøprøver ved Özata Shipyard i Istanbul for Torghatten



Shipyard

Vi deler gjerne denne Firda-artikkelen om vår nylege kontraktsignering på det miljøvenlege fiskefor fartøyet som vi har ...
31/08/2026

Vi deler gjerne denne Firda-artikkelen om vår nylege kontraktsignering på det miljøvenlege fiskefor fartøyet som vi har utvikla i samarbeid med Egil Ulvan Rederi. 🌿

The Norwegian Ship Design Company har landa ein kontrakt som sikrar dei rundt 25 tilsette i Førde arbeid til godt over nyttår. 📄🖊️

– Dette er ein viktig kontrakt, seier Hans Kristian Dyrli, leiar for prosjektutvikling i bedrifta. 🚢🛠️

Les meir i lenka i kommentarfeltet. 👇

NY KONTRAKT – FREMTIDSRETTET FISKEFÔRFARTØY TIL EGIL ULVAN REDERI 🚢Vi er svært glade for at BioMars ambisiøse nybyggsten...
20/08/2026

NY KONTRAKT – FREMTIDSRETTET FISKEFÔRFARTØY TIL EGIL ULVAN REDERI 🚢

Vi er svært glade for at BioMars ambisiøse nybyggstender ble vunnet med vårt NSD 75CC-design, utviklet i tett samarbeid med Egil Ulvan Rederi.

Det nye fartøyet blir om lag 70 meter langt, med en lastekapasitet på rundt 4 000 dødvekttonn. Energieffektivitet har vært et gjennomgående mål i utviklingen – fra skrog og fremdrift til lasting, lossing og operasjon ved oppdrettsanlegg.

Fartøyet får hybrid fremdrift med en stor batteripakke, energieffektivt DP-system og løsninger utviklet for lavt energiforbruk og støynivå. Det utrustes også med et fleksibelt laste- og lossesystem, lossebom med lang rekkevidde og en 120 tonns tungløftkran.

Fartøyet skal bygges ved Jiangsu SOHO Marine Heavy Industry i Kina.

– "Vi setter stor pris på det nære og gode samarbeidet med Egil Ulvan Rederi. Nøkkelpersoner i selskapene har samarbeidet siden før år 2000, og samarbeidet har så langt resultert i et tosifret antall realiserte fartøy. Vi kjenner hverandre godt, har stor tillit til hverandre og deler ambisjonen om å se nye muligheter. Med denne kontrakten har vi nå tre fartøy under bygging ved SOHO Shipyard – nok en sterk bekreftelse på det gode samarbeidet over tid", sier vår administrerende direktør Gjermund Johannessen.

Vi er stolte av å kunne gratulere våre gode samarbeidspartnere i Egil Ulvan Rederi, BioMar og SOHO Marine med signert kontrakt, og ser frem til et tett og godt samarbeid frem mot levering!

MØT TOBIAS – VÅR LOKALE OG STØDIGE SUMMER INTERN 🥰Tobias Blom Hegrenæs er ingeniørstudent ved HVL i Bergen, og skal til ...
07/08/2026

MØT TOBIAS – VÅR LOKALE OG STØDIGE SUMMER INTERN 🥰
Tobias Blom Hegrenæs er ingeniørstudent ved HVL i Bergen, og skal til hausten ta fatt på siste året på sin bachelor i marinteknikk. Men først skal han jobbe endå ei veke hos oss i Norwegian Ship Design, der han i sommar har fått moglegheit til å sette teori ut i praksis på nokre av våre spennande skipsprosjekt.

Som Førdegut som studerer i Bergen, synes Tobias det er kjekt å kunne komme heim til Sunnfjord om sommaren og få jobbe i ei bedrift som kan tilby relevant arbeidserfaring. Vi tok ein liten prat med han og spurte om følgande:

🌿Kvifor valde du å studere marinteknikk, Tobias?

«Eg har alltid vore interessert i båtar og skip, så når eg bestemte meg for å bli ingeniør, var marinteknikk eit enkelt val.»

🌿Kan du fortelje litt om korleis det har vore å jobbe hos Norwegian Ship Design i sommar?

«Det har vore veldig kjekt og lærerikt å ha sommarjobb hos NSD, eg har fått jobbe med både lærerike og spennande oppgåver. Eg har blitt teke godt imot, og har fått hjelp av hyggelege kollegaer når eg har hatt behov for det.»

🌿Ville du anbefalt andre marinteknikk studentar å søkje sommarjobb hos oss?

«Ja, det ville eg absolutt. Her blir man ein del av eit svært dyktig firma. Du får reelle og viktige oppgåver som gir verdifull erfaring som ein kan ta med seg inn i studiekvardagen og arbeidslivet.»

🌿Til slutt lurer vi på om det er noko spesielt du vil ta med deg vidare frå sommaren hos oss i Norwegian Ship Design?

«Eg har fått eit godt innblikk i korleis arbeidsprosessen rundt skipsdesign fungerer. Eg føler meg godt tatt imot av kollegaene i NSD, her blir man ein del av gjengen frå dag en.»

Vi takkar Tobias for praten og den gode jobben han har gjort for oss i sommar, og vi ynskjer lukke til med innspurten på bachelorstudiet og året som kjem.

Som arbeidsgjevar i ein stadig utviklande og nyskapande bransje er det inspirerande å ha studentar innom om somrane. Dei har gjerne nye alternative måtar å tenke på, løyser oppgåver på kreative måtar og har nyerverva kunnskap om faget som er inspirerande å ta del i. Vi er takknemlege for at mange studentar kvart år søker på sommarjobb-stillingar hos oss, og vi skulle gjerne hatt plass til endå fleire.

MØT SIMON - VÅR KJEKKE OG ENGASJERTE SUMMER INTERN😍Medan halve Noreg kosar seg med ferie og late sommardagar, er mange s...
31/07/2026

MØT SIMON - VÅR KJEKKE OG ENGASJERTE SUMMER INTERN😍

Medan halve Noreg kosar seg med ferie og late sommardagar, er mange studentar og skuleelevar i full jobb heile sommaren for å skaffe seg verdifull arbeidserfaring og nokre velfortente kroner i studentkassa. Bedriftene på si side får verdifull hjelp i ferieavviklinga og ikkje minst gode mulegheiter til å vise fram korleis kvardagen kan vere ute i arbeidslivet.

Denne sommaren er vi så heldige å ha to dyktige skipsingeniørstudentar i arbeid hos oss i Norwegian Ship Design, og ein av dei er Simon Kolstad Morken som snart skal i gang med siste året på si masterutdanning ved NTNU i Trondheim.

🌿Vi spurte Simon om kvifor studievalet fall på skipsdesign:

«Etter endt bachelor i allmenn maskinteknikk var eg klar for eit nytt kapittel og vidare fordjuping. Valet fall på marin teknikk, sidan den maritime sektoren står sterkt i norsk næringsliv. Der vart eg introdusert til skipsdesign, og eg fekk raskt eit stort engasjement og ei nyfikenheit for det breie fagfeltet. Dette resulterte i ein søknad til Norwegian Ship Design, og eg har ikkje sett meg tilbake sidan.»

🌿Kan du fortelje litt om korleis har det vore å jobbe hos Norwegian Ship Design i sommar?

«Å jobbe hos NSD har vore både lærerikt og utfordrande. Eg har fått prøve meg på eit breitt spekter av oppgåver innan ulike disiplinar, og måtte søkje informasjon, tenkje kritisk og arbeide strukturert for å kome fram til gode løysingar.
NSD er ein arbeidsplass med stor takhøgd og imøtekomande kollegaer. Det er lett å kjenne seg velkomen, og alle samarbeider mot felles mål samtidig som dei gjerne hjelper kvarandre.»

🌿Du kjem frå Radøy utanfor Bergen, korleis har det vore å tilbringe ein sommar i Førde når du ikkje kjende nokon her frå før?

«Etter to månader i Førde sit eg att med inntrykket av ein stad med fine folk, innbydande natur og rolege omgjevnader. Eg har blitt godt kjend med mange av kollegaene mine, og saman har vi spelt padel, gått fjellturar og ikkje minst sett Noreg prestere i VM.»

🌿Ville du anbefalt andre skipsdesign-studentar å søkje sommarjobb hos oss?

«Er du interessert i ei karriere innan skipsdesign, er det få betre stader å vere enn hos NSD. Her får du reelt ansvar og meiningsfulle oppgåver frå første dag. Arbeidsoppgåvene er varierte, og det er stor forståing for at læring og utvikling skjer undervegs.»

🌿Er det noko spesielt du vil ta med deg vidare frå sommaren hos oss i NSD?

«Den erfaringa eg set aller mest pris på er moglegheita til å få vere med på verftsbesøk og foreta krengeprøver av skip. Å arbeide ute i felt og snakke med dei tilsette på verfta har gitt meg ei innsikt som er vanskeleg å få frå kontorpulten.
I tillegg vil eg trekkje fram blåturen vi hadde til Svanøya og besøket ved Norsk Hjortesenter som eit av høgdepunkta denne sommaren.»

Vi takkar Simon for sommarpraten og den gode jobben han har gjort for oss i sommar, og ynskjer masse lukke til med masteren. 😍

MF BJARKØY HØGTIDELEG DØYPT🌿Bjarkøy, NSD 50CFe, stråla og var pent pynta for anledninga då ho vart høgtidleg døypt i Har...
11/05/2026

MF BJARKØY HØGTIDELEG DØYPT🌿
Bjarkøy, NSD 50CFe, stråla og var pent pynta for anledninga då ho vart høgtidleg døypt i Harstad sist veke.

Bjarkøy er nyleg levert frå verftet Remontowa Shipbuilding S.A. i Polen, og er alt sett i drift mellom Stornes og Bjørnerå i Troms.

Gudmor Kristina Torbergsen (fylkesordførar i Troms FK) understreka gleda og viktigheita av å få ei splitter ny ferge til fylket, som vil tjene folk, næringsliv og besøkande framover og vil vere ein moderne og trygg arbeidsplass.

Etter dåpen kunne Bjarkøy trygt sette kursen tilbake til Stornes og Bjørnerå der ho vil kutte CO2-utsleppa med 90% i forhold til i dag. Det tilsvarar utslepp frå heile 1 800 fossilbilar i året.

Mange gratulasjonar til Torghatten i anledning dåpen av flotte MF Bjarkøy.⛴️

NYTT NSD DESIGN TAR FORM: MF SALTVÆR SJØSETT! 🌿Eit vakkert syn - MF Saltvær flyt no trygt i sitt rette element!Sjøsettin...
11/05/2026

NYTT NSD DESIGN TAR FORM: MF SALTVÆR SJØSETT! 🌿

Eit vakkert syn - MF Saltvær flyt no trygt i sitt rette element!
Sjøsettinga av den flotte ferga gjekk heilt etter planen hos skipsverftet Western Baltija Shipbuilding i Klaipèda i Litauen i helga, og var ein stor milepæl for alle involverte i dette flotte prosjektet.

Som skipsdesigner er det med stoltheit vi ser at ferja som har designmerke NSD50CFb tar seg så flott ut på sjøen. Ferja er 73 meter lang og har plass til 50 køyretøy og 199 passasjerar, og den er utstyrt med heilelektrisk drift med fokus på lavt energiforbruk i tråd med eigar Torghatten si grøne linje.

Ferja skal til vanleg gå i rute mellom byen Svolvær og den vesle øya Skrova i Lofoten, men på sommaren vil den i tillegg krysse Vestfjorden og gå til Skutvik som ligg på fastlandet. Pga dei harde verforholda i Vestfjorden er ferja designa med lukka bildekk og det er vektlagt god komfort for passasjerane.

Vi gratulerer våre samarbeidspartnarar Torghatten og Western Baltija Shipbuilding med vellukka sjøsetting. ⛴️

INTERNASJONAL PRIS TIL NORWEGIAN SHIP DESIGN PROSJEKT 🎉🎉 MF HINNØY, design NSD 120CFc, har vunne prisen «BEST ELECTRIC R...
27/04/2026

INTERNASJONAL PRIS TIL NORWEGIAN SHIP DESIGN PROSJEKT 🎉🎉

MF HINNØY, design NSD 120CFc, har vunne prisen «BEST ELECTRIC RO-PAX 2025», og som skipsdesigner må vi innrømme at vi er stolte over at MF Hinnøy blir lagt merke til ute i den store verda!

Baird Maritime som har kåra Hinnøy til "Best Electric Ro-Pax 2025", er del av Baird Publications, eit av verdas leiande maritime forlag med hovudkontor i Melbourne, Australia og dotterselskap i Hong Kong. At vi i samarbeid med Torghatten har fått denne prisen er stort for oss, og det viser at vi er akkurat der vi ynskjer å vere: heilt i toppen! 🥰

Les gjerne meir i Baird Maritime sin artikkel om Hinnøy her:

This large, modern battery-electric double-ended Ro-Pax ferry was designed by the Norwegian Ship Design Company (NSD) for Torghatten Nord to operate on the busy

MF BJARKØY overlevert til rederi 🌿 Ein viktig milepæl vart markert i går med høgtideleg overlevering av heilelektriske B...
19/03/2026

MF BJARKØY overlevert til rederi 🌿

Ein viktig milepæl vart markert i går med høgtideleg overlevering av heilelektriske Bjarkøy frå skipsverft Remontowa Shipbuilding S.A. til eigar Torghatten Nord AS.

Som designer av Bjarkøy representerer dette for oss i Norwegian Ship Design realisering av eit prosjekt som vi har jobba tett med Torghatten Nord på over lengre tid.
Bjarkøy med vårt designmerke NSD 50CFe, er utvikla med sterkt fokus på energieffektivitet og lågutsleppsløysingar. Ferga har kapasitet til 50 bilar og 149 passasjerar, og er skreddarsydd for sambandet Stornes – Bjørnerå i Nord-Norge.

Fartøyet er utstyrt med to azimuth-thrustere, batterisystem med ein samla kapasitet på ca. 2,3 MWh, samt to dieselgeneratorar. I normal drift vil ferga operere heilelektrisk, med hyppig lading frå landstraum under lasting og lossing – godt tilpassa sine korte overfartar på ca. 12 minutt.

Frå kontraktsignering til ferdigstilling har prosjektet vore prega av godt samarbeid og felles ambisjonar frå alle partar. Vi set stor pris på tilliten Torghatten viser oss ved å velje våre løysingar og vår kompetanse til dette energieffektive prosjektet.

Vi gratulerer Remontowa Shipbuilding S.A. og Torghatten Nord AS med vellukka overlevering av Bjarkøy!

Foto: Poralmorski.pl

VÅRE TILSETTE ER VÅR VIKTIGASTE RESSURS 🌿Takka vere pågangsmot og eineståande kompetanse frå dyktige og motiverte tilset...
24/02/2026

VÅRE TILSETTE ER VÅR VIKTIGASTE RESSURS 🌿

Takka vere pågangsmot og eineståande kompetanse frå dyktige og motiverte tilsette kan vi glede oss over gode resultat og nye kontrakter på våre framtidsretta skipsdesign.

The Norwegian Ship Design Company (TNSDC) i Førde har nyleg signert ein stor kontrakt på to hybridelektriske fartøy med rotorsegl. 🌍🛠️🚢

Det er heller ikkje einaste kontrakten så langt i år, og ordrereservane er fulle for minst eitt år framover.

Les hele saka i kommentarfeltet. 👇

Adresse

Fords

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når The Norwegian Ship Design Company legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til The Norwegian Ship Design Company:

Snarveier

Del