14/04/2026
Fredag 10. april var omtrent 100 personar frå bedriftene på Mjølstadneset i sving og plukka plast og søppel i området.
Dette har vorte ein flott tradisjon, og i år var det Norwegian Greentech som tok initiativ til aksjonen. Vi fekk Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) til å stille med kontainer, ryddesekkar og hanskar, i tillegg så sponsa Byggtorget Herøy oss med ekstra hanskar.
Ryddeaksjonen gjekk føre seg frå klokka 10.30 til 11.30, og nokre bedrifter heldt også på litt lenger. Vi fekk fylt ein heil container, og i tillegg fekk Aurvoll og Furesund fylt ein stor hengar som vart levert til SSR Herøy. Det var ein kjempeinnsats frå alle.
No vert det endå meir triveleg å kome på jobb på Mjølstadneset, utan plast og søppel i grøftene og langs fjøra. Når hekketida startar rundt 15. april, får fuglane eit reint og ryddig naturområde å opphalde seg i. I tillegg hindrar ryddinga på land at endå meir plast og søppel hamnar i havet.
Vi i Norwegian Greentech tek miljø på alvor, og vi er opptekne av eit reint hav og rein natur. Då er det også kjekt å sjå at så mange andre bedrifter tek dette på alvor, og ekstra kjekt når vi kan gjere slike aksjonar saman.
Takk til alle bedriftene som var med og rydda. Ekstra takk til Byggtorget Herøy for sponsing av hanskar, og takk til Søre Sunnmøre Reinhaldsverk som stilte med container, ryddesekkar og hanskar.