04/04/2023
10 ÅR!! 🥳 Vi feirar rund dag i dag, 04.april 2023.
Det er 10 år sidan Stig, Bjarte og Konken etablerte OnCue Music Productions AS med base i samfunnshuset i Høyanger. Og det har skjedd så mykje i løpet av desse åra at vi ikkje klarer og summere det opp med få ord, så det blir eit bittelite utval bildar frå små og store oppdrag. Det har vore ei fantastisk reise, og dette er berre starten! 😎 TAKK til alle vi møter på vår veg! 😍
Siste åra har vi stadig måtte snu oss rundt og tenke nytt grunna pandemien. Og det har resultert i at OnCue har fått tatt del i masse spennande prosjekt, og vi står stødigare enn nokon gong. No er vi straks klar for å vise verda litt av det vi har jobba med den siste tida, for vi har rett og slett kjøpt oss ein trafostasjon! Så følg med oss, vi kan garantere hyppigare oppdateringar både her og på nettsida vår. Bli med oss på eventyret! 🤩🤩🤩