03/07/2026
♻️ Forsøpling rundt hytterenovasjonspunkta
Hytterenovasjonspunkta er eit tilbod for hytteeigarar som betalar renovasjonsgebyr, og er meinte for vanleg avfall frå hytteopphaldet.
Dessverre ser vi at det stadig blir sett att byggavfall, elektrisk avfall, metall, møblar og anna grovavfall rundt renovasjonspunkta. Dette høyrer ikkje heime ved hytterenovasjonen, men skal leverast til miljøstasjonen.
Mykje av avfallet vi finn rundt hytterenovasjonspunkta kunne vore levert kostnadsfritt til miljøstasjonen. Der blir avfallet handtert på rett måte, og vi unngår forsøpling rundt renovasjonspunkta.
Vi veit at fleire har opplevd å kome til fulle konteinarar. For å gi ei betre teneste har vi no montert sensorar i konteinarane som måler fyllingsgrada. Då får vi beskjed når det er behov for tømming, slik at vi kan planleggje tømming før konteinarane blir fulle.
Vi ber alle om å bruke hytterenovasjonspunkta slik dei er meinte å brukast. Når feil avfall blir sett att ved konteinarane, skapar det meirarbeid, unødige kostnader og dårlegare trivsel for alle som brukar ordninga.
Saman kan vi halde renovasjonspunkta og nærmiljøet ryddig 💚🙏