Kvinnherad Næringsservice

Kvinnherad Næringsservice Kvinnherad Næringsservice (KNS) er ein interesse- og serviceorganisasjon for næringslivet i Kvinnh

Kvinnherad Næringsservice (KNS) skal vera ein frittståande næringslivsorganisasjon for bedrifter, næringsgrupper, skular, offentlege institusjonar og nyetablerarar, i nært samarbeide med Kvinnherad kommune. Organisasjonen skal bidra til å sikra og auka verdiskapninga hjå medlemmene.

25/05/2026

🌸Tusen takk for ein inspirerande sommarfest saman med næringslivet i Langhuset 🌸
Me gler oss allereie til 20. mai 2027 😀

🎉Stor gratulasjon til 7. klasse ved Husnes Barneskule👏🏻🎉 Denne dyktige gjengen konkurrerte mot tilsaman 3000 andre eleva...
14/05/2026

🎉Stor gratulasjon til 7. klasse ved Husnes Barneskule👏🏻🎉
Denne dyktige gjengen konkurrerte mot tilsaman 3000 andre elevar i Smartere Teknologi og tok sigeren heim til Husnes 👏🏻🥳
Oppgåva for Kvinnherad skulane var «Korleis kan vi utvikle Grøn Næringspark slik at både område, energi og ressursar blir nytta i industriell symbiose?»
Dette er ein imponerande prestasjon av 7. klassingar og me er utruleg stolte av innsatsen, engasjementet og resultatet dei har levert i denne oppgåva.

Elevane har ikkje berre lært – dei har bidrege med idear som faktisk kan vere relevante for lokalsamfunnet.
Slike prosjekt styrkjer kreativitet, samarbeid og tru på eigne evner!
Heia Kvinnherad 👏🏻🥳

Ei gruppe på 7. trinn på Husnes barneskule stakk av med sigeren i SMARTere teknologi 2026 🤩💪🏼 (Lenke til open sak i kommentarfelt)

Månadens næringslunsj i dag ☀️ Me fekk gode innlegg frå medlemmene våre Byrået - om visuell identitet, merkevarebygging ...
08/05/2026

Månadens næringslunsj i dag ☀️
Me fekk gode innlegg frå medlemmene våre Byrået - om visuell identitet, merkevarebygging og kommunikasjon, og Palfinger Marine - som ein internasjonal leverandør av maritimt utstyr med sine 63 tilsette på avdelinga på Seimsfoss!
Tusen takk for ei finfin avslutning på veka, med god drøs, innsikt og verdifull nettverksbygging ☀️👏🏻

☀️ I dag er 117 av dei 175 næringsforreningane i Norge samla i Kristiansand med fokus på framtidas næringsliv, teknologi...
28/04/2026

☀️
I dag er 117 av dei 175 næringsforreningane i Norge samla i Kristiansand med fokus på framtidas næringsliv, teknologi, filosofi, posisjonering og merkevarebygging.
Me får inspirasjon, erfaringsdeling og eit skråblikk inn i glaskula korleis det står til og kva me bør rigga oss for. Regionen vår er godt representert frå Bergen til Stavanger 💪🏻

Velkommen til nytt medlem, Støyperiet Pub🎉Snart opnar Støyperiet Pub dørene på Husnes – ein ny og varm møteplass for god...
24/04/2026

Velkommen til nytt medlem, Støyperiet Pub🎉
Snart opnar Støyperiet Pub dørene på Husnes – ein ny og varm møteplass for gode samtalar, klinkande glas og ekte pubstemning.
Me ser fram til å samlast, senka skuldrene og kanskje ta ein skål for noko nytt og spanande i kommunen vår, og gode augneblinkar blir støypte saman 😉👏🏼

💥Futt, inspirasjon og salskurs hos oss i dag 👏🏻 Kva er vanskeleg med salg, korleis snu det utfordrande med å vera selgja...
23/04/2026

💥Futt, inspirasjon og salskurs hos oss i dag 👏🏻
Kva er vanskeleg med salg, korleis snu det utfordrande med å vera selgjar til å vera ein ein handlekraftig og interessert leverandør?
Øystein Vangsnes i frå Sellit gav oss ein dag med verktøy, erfaringar og inspirasjon korleis bedriftene skapar nytteverdi for seg sjølv og andre 💰🤝

☀️Korleis kan me få turistane som kjem til Kvinnherad til å bli eit par dagar til, og få fleire av dei gode opplevingane...
23/04/2026

☀️Korleis kan me få turistane som kjem til Kvinnherad til å bli eit par dagar til, og få fleire av dei gode opplevingane i heile kommunen har å by på? 🧳🧗‍♂️🚶🏼🚌🐐🥾
Onsdag kveld hadde me eit kjekt og inspirerande idemøte med aktørar som tilbyr opplevingar for å sparka i gong noko me kalla Reiseliv Kvinnherad.
Fleire små aktørar som kan by på litt kvar, kan bli ei stor oppleving og ei minnerik pakkereise med opplevingar frå Halsnøy Kloster til Olaløo.
Andreas i Ekspedisjonsreiser skal sette saman ei «pilotpakkereise» og har lyst å få kontakt med alle som vil vera ein del av dette ☀️

I dag har Kvinnherad Næringsservice hatt besøk av Stord Næringsråd og tema for dagen var kva tenker vi som næringsaktøra...
17/04/2026

I dag har Kvinnherad Næringsservice hatt besøk av Stord Næringsråd og tema for dagen var kva tenker vi som næringsaktørar at vi kan gjera for at næringslivet i regionen skal oppleva sin marknadsposisjon og logistikk så saumlaus som mogleg.
Bedriftene som er avhengig av å jobba i vår region, det kan vera entreprenørar og planmiljø – korleis dei opplever dei forskjellige kommunane, kan det gjerast noko for at ein kan ha meir einsarta byggesakshandsaming etc.
Er vi godt nok rigga i forhold til bedriftene sine behov?
Stord Næringsråd deltok ved dagleg leiar Torbjørn Brosvik og arbeidande styreleiar Liv Kari Eskeland, KNS var òg representert ved styreleiar Stig Bruntveit i tillegg til dagleg leiar, Kvinnherad kommune representert ved ordførar Vegard Bjørnevik og EQVA ASA ved CEO Olav Hilmar Koløy representerte næringslivet

Tusen takk for raust bidrag, Haugesund Sparebank, gode fasilitetar Spritz Bar og til kjekt arrangement av KNS Ung ! 👏🏻🤗
11/04/2026

Tusen takk for raust bidrag, Haugesund Sparebank, gode fasilitetar Spritz Bar og til kjekt arrangement av KNS Ung ! 👏🏻🤗

✍🏻Kom på KNS Ung Quiz på Spritz Bar kommande fredag! 🏆Kjekk kveld - med buss heim i vente!Meld dykkar lag på her https:/...
08/04/2026

✍🏻Kom på KNS Ung Quiz på Spritz Bar kommande fredag! 🏆
Kjekk kveld - med buss heim i vente!
Meld dykkar lag på her https://forms.office.com/e/F44wnSgsb7 innan i morgon! 6 lag er påmeldt til no

Er du klar for quiz, pizza og litt life skills? 🤩

Fredag 10. april inviterer Haugesund Sparebank, sammen med KNS Ung og Kvinnherad Næringsservice, til quizkveld på Spritz Bar på Halsnøy. Vi spanderer pizza, drikkebonger og buss hjem kl. 24:00 via Valen – Husnes – Rosendal. Banken vil gi deg en enkel og forståelig gjennomgang av boliglån, boligkjøp og sparing.
🚪 Dørene åpner kl. 18:30
🍕 Pizza blir servert kl. 19:00
🧠 Quiz starter etterpå

📝 Påmelding og mer info: https://forms.office.com/e/F44wnSgsb7

Kom for tipsene – bli for pizzaen og quizen!

Adresse

Stabburshaugen 5
Husnes
5460

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Kvinnherad Næringsservice legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kvinnherad Næringsservice:

Del