Arez

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Arez Arez AS har 63 års erfaring frå verftsindustrien. Målet er å skape arbeidsplassar for seg sjølv og andre.

Klar for oppdrag - innafor maritim Sektor: havbruk, rederi og verft.
-Vi er gode på prosjektleiing og økonomisk styring med alt det inneber.

Visste du at?I styret har Arez med seg Linda Hovland og Karl Eirik Hansen. Dei styrkar Arez med si erfaring og innsikt f...
30/09/2026

Visste du at?
I styret har Arez med seg Linda Hovland og Karl Eirik Hansen.

Dei styrkar Arez med si erfaring og innsikt frå ulike delar av næringslivet.

💫Linda Hovland har lang erfaring innan næringsutvikling og rekruttering i Vestland,mellom anna som dagleg leiar i Framtidsfylket.
Ho har eit breitt nettverk og kjenner godt til næringsliv, næringsstrukturar, utviklingsarbeid og organisasjonar i regionen.

💫Karl Eirik Hansen har bakgrunn frå finans og økonomistyring, mellom anna som revisor og CFO.
Han har solid erfaring med økonomistyring og strategisk leiing i ulike bransjar.

Med desse to i styret får Arez tilgang til verdifull kompetanse og perspektiv som styrkar selskapet si evne til å møte utfordringar og utvikle seg vidare!

📸 by.Anniken

09/09/2026

Vi ba styremedlemmane Linda og Karl Eirik beskrive Arez med eit ord.
Kva syns dei eigentleg om Arez? 🫣

Og du – kva ord ville du brukt?

🎥.anniken

Må ein lande ein kontrakt på messa for at deltakinga skal vere vellykka? 🤔 Etter kvar messe kjem ofte dei same spørsmåla...
24/08/2026

Må ein lande ein kontrakt på messa for at deltakinga skal vere vellykka? 🤔

Etter kvar messe kjem ofte dei same spørsmåla:
«Merka de effekt av deltakinga?»
«Har de landa ei kontrakt?»

Det er naturlege spørsmål. Samstundes er det ikkje alltid dei viktigaste.
For dei fleste av oss handlar messer som Nor-Fishing om mykje meir enn sal som kan sporast direkte til nokre få dagar på ei messe.

Verdien ligg ofte i det som er vanskelegast å måle.
Messer gir oss moglegheita til å møte kundar, samarbeidspartnarar og bransjekollegaer ansikt til ansikt 💫

Vi får styrkt eksisterande relasjonar, etablert nye kontaktar og diskutert utfordringar og moglegheiter som ikkje kjem fram i eit Teams-møte eller ein e-posttråd 🪢

Eit godt nettverk blir ikkje bygd på éin dag, og tillit oppstår sjeldan ved første møte. Men kvart møte, kvar samtale og kvar kopp kaffi er med på å leggje grunnlaget for framtidige samarbeid.

Kanskje kjem ikkje resultatet neste veke. Kanskje kjem det om seks månader eller om to år. Men ofte startar det med ein samtale.

Difor reiser vi på Nor-Fishing. Ikkje berre for å selje, men for å lytte, lære, dele erfaringar og vere til stades der bransjen møtest. 🤝

Takk til alle som tok seg tid til ein prat under årets messe. Vi ser fram til å halde fram samtalane. 🤩

17/08/2026

Sjåast i morgon🤗

10/08/2026

Trondheim 18-20 august! Stand A118

✨ Vi har fått tildelt 1,6 millionar kroner i bedriftsutviklingstilskot frå  Norge - Vestland til vidare utvikling av ERA...
10/07/2026

✨ Vi har fått tildelt 1,6 millionar kroner i bedriftsutviklingstilskot frå Norge - Vestland til vidare utvikling av ERAZ! 🚢

Dette er ei viktig anerkjenning av arbeidet vi legg ned for å utvikle ei ny digital samhandlingsplattform for maritim næring – ei løysing som skal samle dokumentasjon, prosjektinformasjon og livsløpsdata om fartøy i éi plattform.

Støtta gir oss høve til å auke utviklingstakta, men vi er langt frå ferdige.
No arbeider vi vidare med å sikre meir finansiering og få fleire sterke bidragsytarar med på laget.
👉 Er du interessert i teknologi, maritim innovasjon eller ønskjer å vere med som samarbeidspartnar eller investor? Ta gjerne kontakt.

Spennande ting er på veg – dette er berre starten! 🚀
Les meir ved å følgje lenka 👇🏻
https://www.arez.no/post/innovasjon-norge-st%C3%B8ttar-utviklinga-av-eraz-med-1-6-millionar-kroner

Gode prosjekt krev gode folk, men det held ikkje i seg sjølv.Det er også viktig å ha fokus på korleis vi jobbar saman.Ko...
29/06/2026

Gode prosjekt krev gode folk, men det held ikkje i seg sjølv.
Det er også viktig å ha fokus på korleis vi jobbar saman.

Korleis vi kommuniserer, lyttar og støttar kvarandre når det skjer endringar – og når det går på skinner.

📌 Tre ting vi meiner gjer samarbeid betre:
– Snakk saman før du treng å løysa noko.
– Sei frå når du lurer , det bygg tryggleik.
– Tør å vere ærleg, sjølv når ting er ubehageleg.

🛠 Struktur kan du lage – men tryggleik og samarbeid må du bygge.

Tusen takk for godt samarbeid og lukke til vidare med «Bygg og bu i Hyllestad»🫶Klar Bedrift Hyllestad kommune Hyllestad....
23/06/2026

Tusen takk for godt samarbeid og lukke til vidare med «Bygg og bu i Hyllestad»🫶
Klar Bedrift Hyllestad kommune Hyllestad.info

Kommunestyret fekk torsdag 20. juni ei orientering om sluttrapporten for prosjektet Hyllestad Vekst og omstilling.

Eit viktig arbeid der vi er heldige å få bidra👇🏻📚
19/06/2026

Eit viktig arbeid der vi er heldige å få bidra👇🏻📚

Studiesenteret gjer det mogleg for privatpersonar og lokale bedrifter å ta akkurat dei småbitane med utdanning dei treng. 📚

No håpar dei at tilbodet kan nå ut til fleire. 📣❗

Lenke til saka i kommentarfeltet. 👇

Adresse

Leirvik 64
Leirvik
5963

Telefon

+4794819275

Nettsted

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Arez legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Arez:

Snarveier

Del

Kategori