20/04/2026
Kjell har deltatt på samling for krigsminnesamlinger fra hele østlandet i regi av Gudbrandsdalsmusea i helgen. - Vi må ta bedre vare på krigsminnene fra 2. verdenskrig med formidling som engasjerer unge og styrker reiselivet, mener han.
SAMARBEID: Laurdag 18. april var det samling for krigsminnesamlingar frå heile Austlandet. Målet med dagen var å skape ein triveleg møteplass for ideutveksling og ny kunnskap.
Gjennom dagen vart fleire viktige spørsmål løfta fram: Korleis skal krigsminnesamlingane møte det som skjer i verda i dag? Korleis kan dei engasjere barn og unge, og vere med på å ruste dei for framtida? Og korleis kan samarbeidet mellom Forsvaret og krigsminnesamlingane bli endå betre?
Deltakarane fekk omvising på Gudbrandsdal krigsminnesamling, og sidan foredrag frå tidlegare forsvarssjef Harald Sunde, Kjell Ove Solbakken frå Norsk Turistutvikling, Stein Høye frå Heimevernets skule- og kompetansesenter og Rune Nørstegård frå Dovre og Lesja krigsminnesamling. Dagen vart avslutta med ein felles samtale der alle fekk kome til orde.
Eit tydeleg ynskje frå deltakarane er meir samarbeid framover, og at krigsminnesamlingane kan samle seg om felles tiltak og oppgåver.
Samlinga vart arrangert av Gudbrandsdal krigsminnesamling, Gudbrandsdalsmusea og Dovre og Lesja krigsminnesamling. Takk til Forsvarshistorisk museum for økonomisk støtte til seminaret.
Tusen takk til alle som deltok – og hjarteleg velkommen att neste år!
Frå venstre: Rune Nørstegård, Harald Sunde og Kjell Ove Solbakken.