Næringshagane i Nordfjord

Næringshagane i Nordfjord Næringshagane i Nordfjord er eit samarbeid mellom Stryn- og Nordfjordeid Næringshagar, som kommers

Næringshagane i Nordfjord er ei foreining og eit samarbeid mellom Nordfjordeid Næringshage AS(Skifta namn til Inviro AS, juni 2020) og Stryn Næringshage AS. Vi har ei avdeling på Nordfjordeid (Øyane 11) og to i Stryn (Tinggt. 3 og Tonningsgt. 16). Samarbeidet kom i gong då ein søkte saman om det nye næringshageprogrammet - eit 10-årig bedriftsutviklingsprogram som skal bidra til å skape vekst, sysselsetting, internasjonalisering og auka lønsemd. Næringshagane i Nordfjord har i dag ansvaret for Næringshageprogrammet i region Nordfjord, samt utvida til Sunnfjord 2020 i Vestland fylke. Næringshagane i Nordfjord deltek og kan delta i andre utviklingsprosjekt.

Viktig melding frå ei av våre målbedrifter - Nordplan
19/08/2026

Viktig melding frå ei av våre målbedrifter - Nordplan

Ny bedrift i Næringshageprogrammet - velkomne skal de være :-)
17/08/2026

Ny bedrift i Næringshageprogrammet - velkomne skal de være :-)

Sætren AS blir målbedrift i Inviro!

Sætren var med heilt frå starten og spelte ei viktig rolle i etableringa av Inviro. No tek vi samarbeidet eit steg vidare når Sætren går inn som målbedrift i Innovasjon Norge sitt Næringshageprogram.

Med 100 års erfaring og sterk kompetanse innan elektro og automasjon er Sætren ei solid bedrift i regionen og ein viktig del av næringslivet vi jobbar for å utvikle.

Dagleg leiar i Sætren, Anders Sætren, trekkjer fram verdien av å vere del av eit lokalt fellesskap der bedriftene kan dele erfaringar, utvikle kompetanse og skape nye samarbeid. Som målbedrift får Sætren no ein endå tettare relasjon til Inviro og dei andre bedriftene i nettverket.

Vi set stor pris på tilliten, og synest det er ekstra kjekt at ei bedrift som var med på å etablere Inviro, no ønskjer å satse vidare saman med oss.

Sætren As

13/08/2026

9.–10. september inviterer Kunnskapsparken Vestland og Framtidsfylket Vestland til ein inspirerande studietur til Jølstraholmen, kombinert med FOLKA – Rekrutteringskonferansen i Vest🌟

Du får:
✅ Fagleg påfyll frå leiande fagpersonar
✅ Innsikt i rekruttering, kultur og organisasjonsutvikling
✅ Diskusjonar med andre leiarar som møter dei same utfordringane
✅ Nettverksbygging i flotte omgjevnader

Møt mellom andre Hans Petter Stub, ekspert på employer branding, og få nye perspektiv på korleis du kan tiltrekkje, utvikle og behalde dei rette medarbeidarane.

Les meir og meld deg på her: https://www.kpvest.no/nyheiter/studietur-september2026

Framtidsfylket

02/07/2026

Fagsamlingsdagen 2026 - Operahuset Nordfjord

01/07/2026

Tusen takk til Sparebanken Norge for støtte til våre prosjekter ! 👍🥳

Vil du lære meir om berekraftige matsystem, lokale verdikjeder og korleis matproduksjon, ressursbruk og beredskap heng s...
25/06/2026

Vil du lære meir om berekraftige matsystem, lokale verdikjeder og korleis matproduksjon, ressursbruk og beredskap heng saman?
Bærekraftige matsystemer – Vestland er eit kurs på 5 studiepoeng frå NMBU, utvikla i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.

Vil du lære meir om berekraftige matsystem, lokale verdikjeder og korleis matproduksjon, ressursbruk og beredskap heng saman?

Bærekraftige matsystemer – Vestland er eit kurs på 5 studiepoeng frå NMBU, utvikla i samarbeid med StudieHub – Fjordane Studiesenter og Sogn Kompetanse.

Kurset er lagt opp slik at du kan kombinere fagleg påfyll med jobb:

• to fysiske samlingar i Vestland
• digital undervisning mellom samlingane
• praktisk casearbeid i tverrfaglege grupper
• valfri eksamen
• høve til kursbevis frå NMBU dersom du ikkje tek eksamen

Første samling: Lærdal, 27.–28. oktober 2026
Andre samling: Sandane, 2.–3. desember 2026
Pris: 4 400 kroner per deltakar
Søknadsfrist: 15. september 2026

Kurset er delfinansiert gjennom tilskot frå Vestland fylkeskommune.

For spørsmål, kontakt:
Eilin Skorpen: [email protected]
Kari Rygg: [email protected]

Les meir om utdanninga her: https://studiehub.no/utdanningar-og-arrangement/b%C3%A6rekraftige-matsystemer-praksisn%C3%A6rt-kurs-om-mat-klima-og-lokale-ressursar
Meld deg på her: https://nettskjema.no/a/537758

Gode tilbakemeldingar frå bedrift :-)
19/06/2026

Gode tilbakemeldingar frå bedrift :-)

Vi er svært takksame for støtta vi fekk frå Inviro og Næringshagane i Nordfjord gjennom prosjektet «Team Nordfjord». Målet med prosjektet var å finne den beste måten å bygge eit sterkt fagmiljø innan synleggjering og marknadsføring for næringslivet i Nordfjord.

Konklusjonen vart tydeleg: Dei beste resultata kjem når sterke fagmiljø, kompetanse og menneske blir samla i staden for fragmenterte. Svaret vart etableringa av Mediehub Group AS – ein felles hub der kreative miljø, produksjon, strategi, teknologi og synlegheit kan spele kvarandre gode.

For oss er dette eit konkret bevis på at samskaping fungerer. Når ein samlar menneske, kompetanse og vilje rundt eit felles mål, skaper ein større verdiar enn det kvar enkelt kunne gjort åleine.

Vi gler oss til å vere med på å løfte både næringslivet og synlegheita til Nordfjord vidare i åra som kjem 😊

Besøk www.inviro.no og bli med på å løft Nordfjord vidare 😍💚

15/06/2026

Ungdom mellom 10 - 16 år ? - Meld ditt lag på og vær med :-)
Vi har nedslagsfelt i heile og

Adresse

Nordfjord
Nordfjordeid
6770

Telefon

+4745600526

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Næringshagane i Nordfjord legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Næringshagane i Nordfjord:

Snarveier

Del