19/08/2026
💡 Skal du søkja Ullensvang næringsfond i haust?
Ullensvang næringsfond er no ope for søknadar, med søknadsfrist 25. september.
Alle som ønskjer å søkja skal ta kontakt med oss i Næringshagen i Ullensvang i forkant. Me hjelper deg med å avklara om prosjektet ditt er innanfor ordninga, gå gjennom krav og rammer – og kan bistå i arbeidet med søknaden.
Ta gjerne kontakt med oss så tidleg som mogleg, slik at me får god tid til å sjå på prosjektet saman.
📩 [email protected]
Les meir om næringsfondet, reglane og korleis du søkjer her:
Ullensvang næringsfond opnar for søknadar mandag 17. august. Søknadsfrist for tildelingar hausten 2026 er fredag 25. september.