13/05/2026
1988 = Kuhnlehaugen
Ei historie om risiko, ansvar – og viljen til å stå i det når det verkeleg gjeld. Ved å ta belastninga saman, klarte dei å sikre arbeidsplassane og vidare drift.
I 1988 la Os kommune på nytt ut eit tomteområde for sal – og konkurransen var tøff. Utbyggjarane måtte vise fram dei beste løysingane, og igjen stod ABO saman med Erstad og Lekven AS som vinnarar. Denne gongen gjennom selskapet SAGMO B4 AS.
Planen var ambisiøs: 50 husvære, fordelt på to byggjesteg. Første steg med 36 bustader vart gjennomført, men vegen vidare vart krevjande. Etter utbygginga sat selskapet att med seks uselde bustader og fleire millionar i udekka lån.
Til slutt vart selskapet avvikla, og både bustader og gjeld fordelte på eigarane. For dei fire eigarane i ABO betydde dette ei personleg gjeldsauke på 200.000 kroner kvar – midt i ei tid prega av økonomisk krise og usikker arbeidsmarknad. Arbeidsplassane blei sikra! I år feirar vi 40-års !