05/01/2022
Koronahandtering:
Covid 19 og høge straumprisar preger den politiske debatten og sender dei AP og SP nedover meiningsmålingane i eit enormt tempo.
Handtering av politiske kriser er alltid krevande, og for den nye regjeringa har dei knapt fått gjort anna enn å handtere kriser dei fyrste månadane. Av erfaring veit eg at å jobbe på spreng medan velgarane stikk av, ikkje kjennes spesielt godt.
Etter at eg slutta med politikk er det likevel interessant å observere dette på større avstand enn eg har vore vandt til.
Eg skal halde meg unna straumdebatten i denne omgang, men tenkte eg skulle gå inn på nokre få sentrale element eg trur påverkar «vanlege folk» si vurdering av handteringa rundt Covid19, og dei innstrammingane som kom før jul.
1. Generell utolmodigheit etter å få tilbake sitt normale liv.
- Etter snart 2 år med inngripande tiltak, er folk naturlig nok lei av at kvardagen er vesentleg endra. Nokre bransjer og næringar er ekstra hardt ramma. Både i kulturlivet og i utelivsbransjen er tolegrensa nådd for mange. Det er lett å ha forståing for. Tilsvarande har vi no ungdom som er 21 år og som har «tapt» 2 «normale» år av si ungdomstid. Få har større grunn til å kjenne på frustrasjonen enn nettopp ungdommen. Derfor trur eg at ei kvar regjering hatt utfordringar på dette stadiet av pandemien.
2. Kvar vart det av «Data, ikkje dato»?
- I 2021 vart vi kjent med begrepet «data, ikkje dato» Dette gjorde oss trygge på at myndigheitene aktivt hadde ei bevisst holdning til å lette tiltaka så snart det var faglig grunnlag for det. Dei siste 14 dagane har vi sett at regjeringa aktivt kommuniserer veldig sterkt at det ikkje vil skje nye vurderingar før den 14. Januar. Det kan det sikkert finnast argument for, men dei har ikkje regjeringa presentert nevneverdig godt. Hadde regjeringa forsøkt å forklare dette, eller forkasta det ensidige fokuset på dato, ville dei truleg fått større forståelse for si linje.
3. Frustrasjon over likebehandling av vaksinerte og uvaksinerte.
- Forståelsen for inngripande tiltak var stor i befolkninga i mangel på vaksiner. No er vaksinene på plass, og alle som vil vaksinere seg har fått tilbud om det. Det har dei aller fleste gjort. Derfor trur eg mange reagerer på det faktum at 60% av dei covid-relaterte innleggelsane på sjukehus kjem frå den uvaksinerte gruppa i befolkninga. Risikoen ved å ikkje ta vaksine for den enkelte er kjent, og det er ein risiko den enkelte må bære. Slik dagens regler er praktisert må likevel dei som har tatt vaksine også bære litt av den byrda gjennom restriksjoner i kvardagen. Det er vanskelig å forklare en vaksinert kreftpasient og dens pårørande at behandlinga må utsettes for å ha kapasitet til å behandle uvaksinerte koronapasientar. Dette er relle diskusjoner som folk ikkje opplev at verken regjeringa eller fagetatene eigentleg vil ta i. Dette påverkar folks tillit, forståelse og lojalitet til tiltaka over tid. Ei løysing på dette kunne eksempelvis være å reelt vurdert bruk av koronapass for vaksinerte, slik mange andre land har gjort. Det er rart for mange at det er større hjemmelsgrunnlag for å stenge ned ett land, enn å finne måter å gi folket størst mulig fridom gitt situasjonen.
4. Manglande dokumentasjon på at innstrammingane har dokumentert virkning og at dei er forholdsmessige.
- Skjenkedebatten er kanskje det fremste eksempelet på dette. Norge er det einaste landet som praktiserer det, ingen kan dokumentere effekt, og helsemyndigheitene snakkar seg rundt problemstillinga. Eit godt eksempel på det er at Assisterande helsedirektør Nakstad seier til VG i dag: «Smittefaren på en restaurant avhenger av hvor mange som er til stede, hvor stor trengsel det er og hvor lenge du er der.» Ikkje eit ord om at skjenkeforbud faktisk fungerer eller vurdering av forholdsmessigheit er kommunisert. Dette svekker forståelsen for denne typen tiltak.
Om ein då legg til at fullvaksinerte nordmenn som kan sitte på heimekontor kan ta med heimekontoret til en fortausrestaurant på Gran Canaria, kose seg med eit glass på ettermidddagen, og deretter reise heim til Norge uten innreisekarantene så er det ikkje lett å bli klok på logikken. Det blir det svart for dårlig på.
5. Enormt fokus på aukande smittetal medan tal innlagte og med intensivbehandling går ned.
- I pressa er det så seint som i dag eit enormt fokus på aukande smittetal. Hittil kan det synes som om ein vesentlig del av forklaringa på det er massetesting på skulane. Det har ikkje som konsekvens at skulane stenger ned, men kan naturligvis påverke dette og andre tiltak etter 14. Januar. Den viktigaste årsaka til at vi har strenge tiltak er kapasiteten i helsetenesten. Der ser vi no at antal innleggingar går ned, også på intensivbehandling. Det er godt nytt. Det blir naturlig nok mindre overskrifter enn fokus på enormt fokus på smittetal, men meir nyanser i dette ville truleg også gjort handteringa enklare.
Medan andre finn ut av svara på alle disse utfordringane er det ein ting vi andre kan bidra med: ta vaksine.