22/05/2026
🚍 Eit lite historisk augeblikk for Vaktskifte og kanskje også for framtidas rekruttering.
Onsdag vart det signert ein innovativ intensjonsavtale saman med Vy Buss og den første Vaktskifte-deltakaren, som no er klar for å starte reisa mot jobb som bussjåfør. 💙
Dette er ikkje teori. Dette er ikkje prosjektprat.
Dette er eit ekte medmenneske, med motivasjon, vilje og potensial, som no har blitt kartlagt, følgt opp og fått ei konkret moglegheit til å kome inn i arbeidslivet gjennom eit heilt nytt samarbeid mellom inkludering og næringsliv.
Neste steg no er føraropplæring hos Langvatn Trafikkskule🚍
Ein stor takk for fleksibilitet og eit godt samarbeidsklima når vi no nærmar oss. Eg er heilt sikker på at kandidaten vår kjem til å bli tatt godt imot av staben der. 🙌
Og igjen, ein enorm takk til Vy Buss.
De har vore fantastiske oppdragsgivarar, sparringpartnarar og medspelarar frå første dag. De tør å tenkje nytt. De tør å satse på menneske. Og de viser i praksis at framtidas rekruttering handlar om meir enn CV og “rett bakgrunn”.
For realiteten er denne:
Vi blir færre folk i arbeidsfør alder i åra som kjem. Samtidig står altfor mange menneske utanfor arbeidslivet. Sjølv om dei både kan, vil og ønskjer å bidra.
Då må vi tørre å byggje nye bruer.
Vi må rekruttere frå potensial, motivasjon og menneskelege ressursar, ikkje berre frå ferdige papir. Dei kan lagast på sikt.
Det er akkurat dette Vaktskifte handlar om. 💡
Å skape nye bussjåførar. Nye fagfolk. Nye moglegheiter.
Og kanskje viktigast av alt:
Nye sjansar. ❤️
Avslutningsvis må det også seiast at Vaktskifte er eit ekte fellesprosjekt, drive fram av Astero, Brisk, Furene og Trollheim/Varde.
Utan fagkompetansen innan rekruttering, inkludering, oppfølging og kartlegging frå søsterbedriftene i Kopano Møre og Romsdal hadde vi aldri klart å byggje Vaktskifte til det handfaste og framtidsretta prosjektet det er i dag. 🤝