Leif Magnus Endresen etablerte Servogear AS heime i kjellaren sin i 1973. Den første leveransen vart installert i ein fiskebåt i Noreg. Sidan den gong har Servogear AS levert meir enn 1750 girboksar og propellsystem over heile verda. I tillegg har me representantar og serviceoperatørar verda over. Systemet vårt, Servogear Ecoflow Porpulsor™, er eit unikt vribart propellsystem for hurtiggåande arbeidsbåtar, passasjerbåtar, offshore supply båtar og yachtar. Systemet inkluderer CP propellar, propelltunnellen på skroget, effektror, brakettar og girboksar. Dette gir ein optimal kombinasjon av fart, slepekraft og drivstoff-effektivitet. Servogear Ecoflow Propulsor er rekna for ei motorkraft mellom 300 og 4000kW og hastighet opp til 50 knop.