Seniornett Gloppen

Seniornett Gloppen Det er Gloppen Frivilligsentral som er kontaktleddet til Seniornett Gloppen. Tlf. 92120505
Seniornett Gloppen har eige styre og er reg. i Brønnøysund

21/12/2025

Dagane går mot nytt år.
Seniornett Gloppen vil på denne måten ynskje alle velkomne til mange kjekke datamøter i 2026, og takkar for året som snart er omme.

Årets julegåve: Medlemskap i Seniornett og dermed også medlem i Seniornett GloppenSynest du det er vanskeleg å finne ei ...
17/12/2025

Årets julegåve: Medlemskap i Seniornett og dermed også medlem i Seniornett Gloppen
Synest du det er vanskeleg å finne ei julegåve som både er nyttig og gir varig verdi? Då kan eit gåvemedlemskap i Seniornett vere ei god og meiningsfull gåve.
Den digitale utviklinga går raskt, og mange – særleg seniorar – opplever at det er krevjande å henge med. Banktenester, offentlege nettsider, mobiltelefon og nettbrett er blitt ein naturleg del av kvardagen. For mange kan dette kjennast både frustrerande og utrygt.
Som medlem i Seniornett får du hjelp og rettleiing til å meistre digitale verktøy i kvardagen. Seniornett er ein frivillig organisasjon med rundt 9 700 medlemmar og om lag 200 lokalforeiningar over heile landet – også her i Gloppen.
I Seniornett Gloppen arbeider vi for at fleire seniorar skal bli tryggare digitalt, samstundes som vi legg vekt på det sosiale fellesskapet. Hos oss møter du andre i same situasjon, og vi stiller ingen krav til forkunnskapar.
Eit medlemskap i Seniornett Noreg gir:
Uavgrensa tilgang til datahjelp for PC, Mac, mobil og nettbrett.
To utgåver i året av Seniornett sitt magasin og vekentleg nyheitsbrev.
Deltaking i aktivitetar i Seniornett Gloppen, som kurs, temamøte, personleg rettleiing, ein-til-ein-undervisning og sosialt samvær – også medlemsturar.
Medlemskapet kostar kr 450 per år, og kan enkelt gjevast som julegåve. Det er ei gåve som passar godt til den som «har alt», men som framleis kan ha behov for litt digital hjelp og tryggleik i kvardagen.
Ei julegåve i dag kan gi meistring og tryggleik heile året.
Seniornett Gloppen
Odd Eide, styremedlem

Det blir juletalerken tysdag 09.12.25. på Gloppen Hotell.Oppmøte på Gloppebua til vanleg tid kl 10.00.Det blir litt prog...
08/12/2025

Det blir juletalerken tysdag 09.12.25. på Gloppen Hotell.
Oppmøte på Gloppebua til vanleg tid kl 10.00.
Det blir litt program av sosialkomiteen og litt triks og miks før vi går til hotellet litt før kl 12.00.

IPHONEiPhone har fått ny innboks, vi ser på endringane.Dette er noko du får med deg, samt redigering av bilde dersom du ...
30/11/2025

IPHONE

iPhone har fått ny innboks, vi ser på endringane.
Dette er noko du får med deg, samt redigering av bilde dersom du møter opp på Gloppebua tysdag 02.12.25 kl 10.00.

Seniornett Gloppen er på Gloppebua 2 etasje tysdag 25.11.25.Vi prøver oss på å lage fotobok/julekort.Den som vil er velk...
22/11/2025

Seniornett Gloppen er på Gloppebua 2 etasje tysdag 25.11.25.
Vi prøver oss på å lage fotobok/julekort.
Den som vil er velkommen frå kl 10.00 - 13.00.

Velkomne til Seniornett Gloppen på Gloppebua tysdag 18.11.25 kl 10.00.Vi opnar Seniornettmagasinet og gjer oss kjende me...
16/11/2025

Velkomne til Seniornett Gloppen på Gloppebua tysdag 18.11.25 kl 10.00.
Vi opnar Seniornettmagasinet og gjer oss kjende med kvardagsteknologi.
Alle vel møtt!

Det er tid for å planlegge julebrev og pakkar som skal sendast til jul. Vi i Seniornett Gloppen vil gjere oss kjende med...
09/11/2025

Det er tid for å planlegge julebrev og pakkar som skal sendast til jul. Vi i Seniornett Gloppen vil gjere oss kjende med måtar å fakturere og sende post på.
Vil du vite meir om dette, er staden Gloppebua tysdag 11. november frå kl 10.00 - 13.00.
Alle vel møtt - det er ikkje nødvendig å vere medlem!

Med Ryssdalshornet i bakgrunnen ynskjer vi alle som likar å bli kjende med data, velkome til Gloppebua tysdag 04.11.25 k...
01/11/2025

Med Ryssdalshornet i bakgrunnen ynskjer vi alle som likar å bli kjende med data, velkome til Gloppebua tysdag 04.11.25 kl 10.00.
Vi tek imot dataspørsmål og svarer så godt vi kan, samt enkel redigering av bilde.
Vel møtt.

25/10/2025

Hei!
Beklager at datamøte 28.10.25 kl 10.00 er avlyst.
Satsar på å ta igjen det tapte på tysdag 03.11.25.

Adresse

Grandavegen 24 Sandane
Sandane

Åpningstider

09:00 - 17:00

Nettsted

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Seniornett Gloppen legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Del