Vestavin

Vestavin Fruktvin av vestlandske råvarer - Vestlandet i eit glas!
på Jølst

I dag har Vestavin AS meldt oppbod.  Styret har vedteke at det ikkje lenger er økonomisk mogleg å drive Vestavin AS, så ...
22/01/2026

I dag har Vestavin AS meldt oppbod.

Styret har vedteke at det ikkje lenger er økonomisk mogleg å drive Vestavin AS, så då har eg lista opp alt Vestavin AS eig og kven Vestavin AS skuldar pengar til og sendt det til tingretten. Ver så god. Så langt kom vi, men ikkje lenger.

Det er så mykje som ikkje står på dei listene, så mykje som ikkje viser att i det styrevedtaket:
Alle som har støtta og heia, som har satsa og investert på kvar sine måtar i min draum og min visjon om kva som skulle vere mogleg å få til.
Alle flaskene, alle eksperimenta, alle smakingane, alle reaksjonane, alle justeringane, dei overraska blikka, dei skeptiske, dei begeistra.
Alle dagane der eg har trakka mellom produksjon, sal, administrasjon, gard, kundar og instagram-videoar.
Dagar eg har hatt stålfokus og knadd meg gjennom oppgåvene i eit bankande køyr, meistra og makta omtrent utan ende, og dagar der eg har komme heilt utav det og berre surra mellom alt eg burde ha gjort, men ikkje rekk, og kjent på uroa over kor uendeleg utilstrekkeleg ein gründer kan vere.
Sju år der eg har hoppa med begge beina inn i eit liv som handlar om å få dette til, koste nesten kva det koste vil, der eg har kjent på eigne grenser, justert og halde fram.

Eg har lykkast og møtt motgang. Eg har mista og samla opp at motet tallause gongar, for så lenge ein trur og ser at det kan lykkast, så kan det faktisk det. Sjølv om Vestavin AS no endar her, veit eg at det kunne gått, hadde berre ein del ting vore litt annleis.

Den store feilen eg har gjort, er å ikkje klare å bygge eit team i Vestavin. Eg har visst det, men eg har ikkje forstått korleis eg skulle gjere det. I starten går det greitt, når du som er motoren er nysmurd med idear og optimisme og lasset er lite. Så veks lasset gradvis, men utan stopp. I starten veks motoren også, med nye arbeidsmåtar, nye metodar og ny lærdom, men så veks lasset forbi og motoren blir for liten, enkelt og greitt. Utan stor nok motor må lasset før eller sidan gå over ende, viser det seg. Eg har visst at eg måtte få inn fleire hender og fleire hovud, men så har det handla om å overleve, halde fast og krysse fingrane for at rundt den svingen her, over denne vesle kneika, då løsnar det, då vil det openberre seg ein god og farbar veg. Det eg har lært, mest av alt, er at ein person, eitt menneske, ikkje kan vere nok for eit prosjekt som Vestavin, sjølv med ein liten horde av støttespelarar rundt seg.

Det må også seiast at det å få vere gründer er eit privilegium. Å få lov og rom til å forfølge ein idè, jobbe for å sette ein visjon ut i livet og utforske moglegheiter som ikkje fanst før er noko av det mest spennande og meiningsfulle eg har fått halde på med, samstundes som det definitivt også har vore noko av det vanskelegaste. Eg er utruleg takksam for reisa eg har hatt, sjølv om eg skulle ønske at konkurs ikkje vart eit punkt på vegen.

Og til deg som spør "Kva no, då?":
Vestavin AS har leigd og drive Vingarden på Jølst. Det er eg, Camilla, som eig garden, og som no må ta til å finne ut korleis det no skal bli på denne vakre staden. Når det lysnar av vår, når optimismen og skapartrangen gror fram på ny, då får vi sjå om det viser seg ein veg og ei ny løysing.

I kveld, Førde! 🤩
05/06/2025

I kveld, Førde! 🤩

Sjekk ut Tilleggsutvalet på Vinmonopolet! Utvalet for dei små og særeigne 👌🏻😊
05/06/2025

Sjekk ut Tilleggsutvalet på Vinmonopolet! Utvalet for dei små og særeigne 👌🏻😊

I går sa eg til Erna at fruktvin i dag er der som sider var for ti år sidan, og sjå berre korleis sideren har skote til ...
04/06/2025

I går sa eg til Erna at fruktvin i dag er der som sider var for ti år sidan, og sjå berre korleis sideren har skote til himmels! Eg sa at fruktvin byr på store moglegheiter, men at det er vanskeleg å vere liten alkoholprodusent. Eg nemnde alkoholreklameborbodet som vert handheva som eit kommunikasjonsforbod, og der grensene mellom kva som er innanfor og utanfor sneglar seg gjennom sanden. Eg nemnde at det ville vore fint om Vinmonopolet framleis kunne ha ei eiga hylle for lokale produkt og om store innkjøpsavtaler ikkje stod i vegen for at små kunne selje varene mine på likefot med store, utan at eg veit om Erna har makt over det.

Eg sa ikkje noko om kor tøft det er å vere gründer. Eg gløymde å nemne at lettare tilgang på etter- og vidareutdanning, slik det var under pandemien, hadde gjort det noko enklare. Eg gløymde også å seie kor viktig det er for oss små å ha tilgang på gode støttespelarar lokalt: Kommunale næringsfond med pengar til å støtte ein ny idé, inkubatorar og næringshagar med nettverk av andre små og god tilgang på erfarne rådgjevarar.

Eg peikte på bakkane mine og la fram mine optimistiske forsøk på å gjere gull av gråstein, og skape verdi av dei ressursane vi har, men som ikkje vert sett på som verdifulle. Det gjeld både ripsen, plommene og dei bratte, små bøane våre. Om eg finn ei løysing her, sa eg, er det ikkje grenser for alle dei bratte bakkane ein kan blåse liv i, sa eg og fekk dei med meg på eit lite smil. Kor oppteken Erna er av dei små, bratte bøane, veit eg ikkje nøyaktig.

Det eg veit er at når ei av landets mektigaste vel å besøke ein av landets små gründerar, for å sjå på bakkane og smake på fruktvinen, ete gründeren si gulrot-, appelsin- og linesuppe med nybaka brød, laga etter gründermora si brødlære, då er det ein sjeldan sjanse til å sette opp døra mellom to ganske ulike verder. Eg trur vi har til felles at vi vil litt ekstra, at vi begge trur vi kan meistre krevjande oppgåver og at vi for lengst har slått oss til ro med at livet og verda kan vere i overkant komplisert, så å kave seg opp hjelper i alle fall ikkje. Så trur eg Erna har lært meir om verdien av å jobbe i team enn eg har, så der har eg ein veg å gå.

Takk for no!

Opplev Vestavin på Vingarden på Jølst i sommar. Møt gründer Camilla Aasen, sjå korleis bratte, brakke bakkar og gamle hu...
01/06/2025

Opplev Vestavin på Vingarden på Jølst i sommar. Møt gründer Camilla Aasen, sjå korleis bratte, brakke bakkar og gamle hus med utette tak er i ferd med å bli ein heilt særeigen fruktvingard og få eit glimt av alt som ligg bak dropane i glaset. Sjølvsagt er det også alkoholfri smaking med drikkar frå Vesle Lerka.

Ope fire dagar i veka i juli og august.
Detaljar og booking: vestavin.no

RABARBRA får vi aldri nok av! Vi kjøper om du kan levere, for dette veit vi blir bra! Ta kontakt!
23/05/2025

RABARBRA får vi aldri nok av! Vi kjøper om du kan levere, for dette veit vi blir bra! Ta kontakt!

Kom og smak fruktvin frå Vestavin  og alkoholfritt frå Vesle Lerka i Lillestrøm! Gründer Camilla Aasen er på plass under...
12/03/2025

Kom og smak fruktvin frå Vestavin og alkoholfritt frå Vesle Lerka i Lillestrøm! Gründer Camilla Aasen er på plass under heile messa og fortel så gjerne om alt som ligg bak dropane i glaset 😊

Siderlandet Norge HANEN

12. februar kl. 18 kjem eg til Lysverket i Bergen for å halde vinmakarmiddag. Bli med på ei kulinarisk oppleving der men...
31/01/2025

12. februar kl. 18 kjem eg til Lysverket i Bergen for å halde vinmakarmiddag. Bli med på ei kulinarisk oppleving der menyen er tilpassa utvalde fruktvinar frå Vestavin. Eple, solbær, rips og rabarbra er nokre av råvarene de får smaka i foredla form. Eg gler meg!

De finn billetter her: https://takeaway.xxltable.com/w2/lysverket

Lysverket

"Etwas weiter nördlich hat Camilla Aasen ihr Weingut Vestavin. Sie hat zur Grünen Woche hervorragende Fruchtweine und Sä...
23/01/2025

"Etwas weiter nördlich hat Camilla Aasen ihr Weingut Vestavin. Sie hat zur Grünen Woche hervorragende Fruchtweine und Säfte mit gebracht." No også godkjent av tyske ganar 😃

Norwegen hat tolle Landschaften. Zudem hat das Land zunehmend eine Spitzenküche ausschließlich mit regionalen Zutaten

Adresse

Jølstravegen 2380
Skei
6843

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Vestavin legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Vestavin:

Del