Kunnskapsparken Vestland

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Kunnskapsparken Vestland Kunnskapsparken er til for gründerar og bedrifter med gode forretningsidear som har bruk for hjelp til å lukkast!

18.–19. november inviterer Kunnskapsparken Vestland og Framtidsfylket Vestland til ein inspirerande studietur til Jølstr...
07/10/2026

18.–19. november inviterer Kunnskapsparken Vestland og Framtidsfylket Vestland til ein inspirerande studietur til Jølstraholmen, kombinert med FOLKA – Rekrutteringskonferansen i Vest🌟

Du får:
✅ Fagleg påfyll frå leiande fagpersonar
✅ Innsikt i rekruttering, kultur og organisasjonsutvikling
✅ Diskusjonar med andre leiarar som møter dei same utfordringane
✅ Nettverksbygging i flotte omgjevnader

Møt mellom andre Hans Petter Stub, ekspert på employer branding, og få nye perspektiv på korleis du kan tiltrekkje, utvikle og behalde dei rette medarbeidarane.

Les meir og meld deg på her: https://www.kpvest.no/nyheiter/studietur-november2026

Sjekk ut det spennande programmet på FOLKA-konferansen: https://www.framtidsfylket.no/for-arbeidsgjevar/folka/

Mogleg Klar Bedrift Inviro Aksello

Tre gründerar. Éin scene. Kven stikk av med sigeren? 🚀Torsdag 15. oktober inviterer Kunnskapsparken Vestland og Sogn Spa...
05/10/2026

Tre gründerar. Éin scene. Kven stikk av med sigeren? 🚀

Torsdag 15. oktober inviterer Kunnskapsparken Vestland og Sogn Sparebank til SognaPitch 2026 under Næringskonferansen i Flåm (Norway`s Best)

Ta turen til Fretheim Hotel for topp stemning, framtidsretta idear og verdifull mingling.

🔗 Program og påmelding:

Næringskonferansen i Flåm arrangerast årleg av Norways Best. SognaPitch er ein eigen bolk i konferanseprogrammet og skal vera ein arena der gründarar og driftige folk er i fokus. Her får deltakerane mulegheit til å vise fram sine forretningsidéar.

💡Har du lyst til å utvikle løysingar for kraftbransjen, og samtidig ha eit heilt team av bransjeekspertar og forretnings...
05/10/2026

💡Har du lyst til å utvikle løysingar for kraftbransjen, og samtidig ha eit heilt team av bransjeekspertar og forretningsutviklarar med på laget frå dag éin? Då bør du sjå nærare på denne moglegheita!

Saman med Sogn og Fjordane Energi (SFE) ser vi etter personar med gründerånd, motivasjon og gjennomføringsevne, som vil utvikle teknisk og kommersielt gode løysingar på nokon av kraftbransjens utfordringar.

Synest du berekningar knytt til vindkraftutbygging, overvaking av kraftverk og damanlegg, kartlegging av magasinkapasitet eller anleggsdokumentasjon høyres ut som ditt neste passion project?

➡️ Du kan søke åleine eller saman med eit team. Meld deg på Venture Studio her: https://docs.google.com/forms/d/e/1FAIpQLSfeWtIalVhttwyAXw5pSOC5FrNsBhzHa4BTG7ZhRTnF9fq9PA/viewform
➡️ Søknadsfrist er 10.oktober, og første gründersamling er 14. og 15.oktober.

Venture Studio er eit samarbeid mellom Fjord Impact Lab, Fjord Invest Management AS, Peak Ventures, Nyvinn, Aksello, Stiftinga Drivkraft og oss i Kunnskapsparken Vestland, og Startuplab Bergen er med som rådgjevar.

Vi gledar oss til å bli kjende med gründarar som er klare til å ta utfordringa 🚀

Det finnst forresten ikkje nokon bedre arena å lansere dette på enn på Kraft i Vest 2026, med heile kraftbransjen samla på Sandane. Tema for konferansen i år er Handlekraft! Så la oss handle 💪

Takk for en veldig kjekk dag! 🎉Takk til alle som var på scenen og alle som deltok. Vi tar med oss kloke tips og nye refl...
18/09/2026

Takk for en veldig kjekk dag! 🎉
Takk til alle som var på scenen og alle som deltok. Vi tar med oss kloke tips og nye refleksjoner om bl.a. KI-bruk i praksis, om å forstå hvordan 'våre' produkt blir valgt av kunder, og av KI-agenter(!), og hvordan jobbe sammen, som mennesker og medmenneskerinn i helgen og i arbeidshverdagen videre.

I tillegg til gode innlegg fra scenen var det kjekt å se praten, smilene og engasjementet i pausepraten og i lunsjen 😀

Her er et lite knippe bilder fra dagen, og så kommer det flere her og på innovasjonsdagensogn.no neste uke.

FoU-møte- denne gongen i Sunnfjord på Campus Verftet, Førde.Les meir ved å følgje lenka!
15/09/2026

FoU-møte- denne gongen i Sunnfjord på Campus Verftet, Førde.
Les meir ved å følgje lenka!

🏭 Korleis kan ny teknologi skape nye moglegheiter i industrien?

30. september inviterer Aksello, FORREGION Vestland og Høgskulen på Vestlandet HVL til FoU-møte om digitalisering, automatisering og robotisering i industrien.

Her møter du industri- og produksjonsverksemder, fagmiljø og andre aktørar for å dele erfaringar, utforske konkrete utfordringar og sjå på moglegheitene for nye FoU-prosjekt og samarbeid.

På programmet står mellom anna innlegg og erfaringar frå HVL, Westcon, Kompetansesenteret for Robotteknologi og Retrams, i tillegg til idémyldring og diskusjon om vegen vidare.

FoU-møtet går føre seg på Campus Verftet i Førde 30. september kl. 09.00–13.30. Det er gratis å delta.

👉 Meld deg på i dag: https://aksello.no/fou-mote-om-digitalisering-i-industrien/

Sunnfjord Utvikling AS | Vilje helseklynge | Kunnskapsparken Vestland | Nytta As | Studiesenter Kysten | Klar Bedrift | Inviro | Mogleg | Måløy Vekst

Hvordan bygge kultur, tillit og retning når de ansatte har ulike forventninger og meninger? Louise Fuchs snakker om lede...
07/09/2026

Hvordan bygge kultur, tillit og retning når de ansatte har ulike forventninger og meninger? Louise Fuchs snakker om ledelse på Innovasjonsdagen Sogn.

Husk å sikre billetten din idag!

Innovasjonsdagen Sogn – for bedrifter og gründerar som ønskjer å ligga i forkant av utviklinga.

Leiing handlar ikkje lenger om kontroll. Marknadsføring handlar ikkje lenger om magekjensle. Og kunstig intelligens er i...
25/08/2026

Leiing handlar ikkje lenger om kontroll. Marknadsføring handlar ikkje lenger om magekjensle. Og kunstig intelligens er ikkje lenger noko som kjem.

Korleis kan du gå frå moglegheit til endring og resultat?

På Innovasjonsdagen Sogn får du innsikt i korleis verksemder kan skape resultat i ei tid med rask endring. Gjennom foredrag om leiing, kjøpspsykologi, marknadsvitskap og KI får du både inspirasjon og konkrete perspektiv du kan ta med tilbake til eigen arbeidskvardag.

På scena møter du
👨‍💻Morten Goodwin, om Kunstig intelligens og kva det betyr for norsk næringsliv
📈 Ingvild Moen og Olav Mellingsæther om korleis innsikt, kjøpspsykologi og marknadsvitskap kan gi kortare veg til kundar, kapital og samarbeidspartnarar
👩‍💼 Louise Fuchs om leiing i ei tid der tillit og ansvar og sjølvstendige arbeidarar betyr meir enn nokon gong
💡 Lokale gründarar som fortel som i reise frå idé till vekst

🤝 Nettverksbygging
💡 Fagleg påfyll
🍽️ God lunsj

👉 Meld deg på her:

ProgramBli med på Innovasjonsdagen 2026 - I år med fokus på korleis nye moglegheiter kan bli til endring og resultat. Kunstig intelligens, ny teknologi, endra marknader og nye forventningar frå kundar og tilsette endrar spelereglane for næringslivet. Korleis kan vi bruke desse endringane til å...

Adresse

Fosshaugane Campus
Sogndalsfjøra
6856

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

90275869

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Kunnskapsparken Vestland legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kunnskapsparken Vestland:

Snarveier

Del

Kategori