02/01/2022
Stillingsannonse:
Me ser etter ein person som er landmålingsingeniør/har erfaring frå fagfeltet eller er lærevillig, som ynskjer å ta ansvar for ei nyoppstarta landmålingsavdeling, då det absolutt er behov for dette i markedet i Sunnhordlandsregionen.
Proled AS er eit ingeniørkontor på Stord – etablert 2020. Vår filosofi er bygd opp av ein samansatt entreprenør- og ingeniørkompetanse. Me har lang praktisk og teknisk fartstid frå entreprenørbransjen, og nyttar denne fordelen i vårt prosjekteringsarbeid. Me har ein filosofi å vere pragmatiske og effektive – «dette har me vore med på før». Me baserer oss på ung ingeniørkraft, med ei robust kjerne av erfarne og dyktige ingeniørar. Totalt er me sju tilsette på Stord, og ser no etter å utvide vårt tilbod med ei komplett landmålingsavdeling.
Me har gått til innkjøp av landmålingsutstyr; Leica GPS, Leica totalstasjon og fullspekka drone.
Me kan tilby:
• Opplering og kursing
• Eigen bil med høve til skattbar privat køyring.
• Eige kontor i nyoppussa lokaler på Stord.
• Eigen PC og telefon, internett i heimen.
• 100% stilling med kjernetid 7-15 – høve til overtidsbetaling utover dette.
• Konkurransedyktig løn.
• 5% OTP
• Ei veldig god stilling for å få ein breifagleg fot inn i byggjebransjen.
• Høve til vidareutvikling som utleigd prosjektleiar eller ein veg innafor konstruksjonsfaget – me skreddersyr eit opplegg som høver den tilsette og marknaden.
• Ungt og lettbeint arbeidsmiljø, med god takhøgde og korte beslutningslinjer. Fokus på trivsel på jobb og sosiale samankomstar utanfor arbeidstida.
Søkjar bør vere:
• Sulten på å utvikle seg sjølv profesjonelt.
• Gode generelle datakunnskapar, erfaring med AutoCAD, Revit, Gemini, Leica målebok, Recap eller Pix4D er eit stort pluss.
• Gode sosiale egenskapar og evne til å tilegne seg tillit.
• Punktleg.
Søkjar må vere fast lokalisert i Sunnhordland, med tanke på mønstring på Stord kvar dag kl 07.
Tiltreding snarast.
Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Amund Engelsen: [email protected] eller telefon 99156133.