16/09/2026
📣 Vi jobbar med planane for ein cowork i Stranda sentrum, for deg som treng ein stad å jobbe eller studere, anten det er drop-in ein dag iblant, for ein kortare periode eller som fast kontorplass🤝
Men vi ønskjer å skape meir enn berre ein stad å sitje og jobbe eller studere. Coworken skal vere ein møteplass for kreativitet, nye idear, nettverk og samarbeid, med både fagleg påfyll og litt sosialt rundt arbeidsdagen 🤩
No vil vi finne ut kven som kan ha nytte av eit slikt tilbod, kva behov som finst og kva som skal til for å skape ein attraktiv møte- og arbeidsplass i Stranda sentrum.
Kunne dette vore aktuelt for deg? Svar gjerne på den korte spørjeundersøkinga på 1-3 min og hjelp oss å forme tilbodet 👇
https://forms.gle/eeWTQPZUY2g9MD75A