22/08/2013
Kjell Solheim er no på plass i Stryn Næringshage.
Solheim er 50 år og bur i Loen. Han er gift og har to gutar i 20-åra.
Kjell kom frå stillinga som rektor ved Stryn Ungdomsskule. Han starta som lærar og rådgjevar ved skulen i 1988 og blei undervisningsinspektør i 1997 for så å bli rektor i 2006. Gjennom desse åra har han gjort seg mange erfaringar gjennom ulike utfordringar med utvikling av skulen både fagleg og organisatorisk – erfart kva samarbeid både internt og eksternt har å bety for utviklinga. Han var mellom anna med på planlegginga og utprøvinga av faget Utdanningsval. Dette er eit fag som skal førebu elevane på gjere best mulege val innanfor utdanning og yrke.
Stryn Næringshage skal arbeide aktivt med å legge til rette for utvikling av eksisterande og framtidig næringsliv i Stryn og Indre Nordfjord. Av fleire viktige oppgåver betyr dette mellom anna å skape gode utviklingsarenaer mellom det offentlege og privat næringsliv. Dette har aktualisert seg endå meir i tida fylkeskommunen har hatt skulebruksplanen for vidaregåande skular til handsaming.
Næringslivet i Stryn og Hornindal har gjennom Stryn Næringssamkipnad teke initiativ til å finansiere opp denne koordinatorstillinga i minimum 5 år, for å utvikle samarbeidet mellom skule og næringsliv i kommunane. Koordinatoren skal mellom anna legge til rette for at den samla kompetansen i skulane, opplæringskontora, bransjeorganisasjonane, samfunn og næringslivet, nyttast i ein samarbeids- og læringsarena som sikrar rett utdanningsval, rett yrkesval, gode rekrutteringsprosessar og etterutdanning i tråd med våre framtidige behov.
Kjell ser med spenning fram til å samarbeide med skulane og næringslivet i Stryn og Hornindal, og finne gode løysingar på kjende utfordringar så vel som å skape nye, spennande tiltak.
Både underteikna, styra i Stryn Næringshage og Stryn Næringssamskipnad er glade for at Kjell takka ja til desse utfordringane og ser fram mot å ta fatt på arbeidet saman med han.