Sykkylven Næringsutvikling - Skaparglede

Sykkylven Næringsutvikling - Skaparglede Sykkylven Næringsutvikling - Næringslivets gode hjelparar i Sykkylven. Snakk med oss om rådgivning, finansiering og nettverk. Treng du nokon å diskutere med?

Sykkylven er kommunen med SKAPARGLEDE. I generasjonar har næringslivet her laga interiør som folk verda over har fylt heimane sine med, avanserte viftesystemar, spesialtilpassa profilar til bygg, effektive transformatorar til kraftsystemet og mykje meir. Bistand og rådgjeving i prosess med næringslivet:

Har du eit ønskje om å etablere ny verksemd? Eller har di bedrift planar om nye satsingar? Vi

høyrer gjerne meir om din forretningsidé eller prosjektplan, og kan gje rettleiing på korleis du kan ta ideen eit steg vidare. Vi forvaltar kommunalt næringsfond og er di HoppID-Kontakt i Sykkylven, og har oversikt over finansieringsordningar i det offentlege virkemiddelapparatet. Ta kontakt!

🎉 Kanskje fekk du det med deg i media førre veke? Uansett er dette ei nyheit vi er stolte av å dele:Studiesenter Sunnmør...
15/06/2026

🎉 Kanskje fekk du det med deg i media førre veke? Uansett er dette ei nyheit vi er stolte av å dele:

Studiesenter Sunnmøre er no vedteke etablert med base i Sykkylven, med 2,3 millionar kroner i støtte frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Dette markerer starten på ei viktig satsing for kompetanseutvikling i regionen, og vi ser fram til å ta fatt på arbeidet saman med gode samarbeidspartnarar.

💪 No må vi berre brette opp ermane!

Les meir i saka frå Nyss 👇

11. juni vart det vedteke å etablere Studiesenter Sunnmøre, med base i Sykkylven.

01/06/2026

Dinne veka har vi mykje å sjå fram til her i Sykkylven 😃🎉

📍Næringsfabrikken
Teknologifestivalen torsdag og fredag 4.-5. juni har tidenes beste program🤩, med mange store namn på plakaten og gode bidrag med faglig tyngde frå lokalt og regionalt næringsliv.

Arne Hjeltnes er konferansier og vi får mellom anna møte Geir Karlsen som er konsernsjef i Norwegian, representantar som jobbar med sikkerheit og forsvar i Ukraina, beiteteknologigründeren bak Nofence og Noregs første astronaut og filmskaper Jannicke Mikkelsen 🧑‍🚀🙌

Sjå program på: https://www.teknologifestivalen.com/dagsprogram

Jannicke Mikkelsen 🧑‍🚀 vil vi at flest mogleg skal få med seg. Ho har mellom anna jobba med NASA, Netflix, Paramount Pictures og BBC. No er ho på verdensturné med stopp i Sykkylven! - slikt gir nesten oppmøteplikt 👏🇧🇻

Teknologifestivalen, med hovudsponsor Sparebanken Møre, har derfor sørga for at ho også held eit ope foredrag til ein overkommelig pris 😊

Så, om du ikkje skal på Teknologifestivalen, ta turen til:
📍Sykkylven Kulturhus
🕛Onsdag 3. juni, kl.18
🎫 Hugs å sikre seg billett i forkant på https://www.sykkylvenkulturhus.no/kulturprogram/KUL20260103

Neste veke står tfUNG for tur, med store opplevingar for framtidas teknologar 🫶 Eit fantastisk godt opplegg av ungdomsskulen, vgs og biblioteket. Nokre av dei tjuvstartar også med foredrag med Jannicke Mikkelsen denne veka.

I tillegg blir det Sykkylvsdagane med bingo, moteshow, quiz, tivoli, boder, aktivitetar og folkeliv i sentrum - og ikkje minst KAIFEST, med Stavangerkameratene og Hauken på plakaten 😃🎉

= MYKJE å sjå fram til.
Bli med på moroa, og ha ein fin start på juni 😊

20/04/2026

I Oslo i dag?😄Nysgjerrig på jobb i Sykkylven?

Då må du ta turen til BLI MED HIT Møre og Romsdal og komme innom standen til Sykkylven Industri -og Næringslag, Sykkylven kommune og Griff Aviation👏💼

Gratisbillett på https://www.blimedhit.no/

Kirsti Indreeide frå Eidsdal, Bente Bonsaksen frå Hellesylt og Harald Strømmegjerde kjem og deler sine erfaringer frå de...
03/04/2026

Kirsti Indreeide frå Eidsdal, Bente Bonsaksen frå Hellesylt og Harald Strømmegjerde kjem og deler sine erfaringer frå det å starte og drive sine produkt- og opplevingstilbod. DIS Kaffebar torsdag 9. april kl. 19.30. Velkomen! -Og hugs å melde deg på :)

Velkomen til felles nettverkstreff med fokus på moglegheitsrommet for reiselivsutvikling og tilleggsæringer i Sykkylven.

Snart god påske 🐥Hugs å bruke kalenderen på sykkylven.com! Her kan du få oversikt over kva som skjer i Sykkylven, og ogs...
27/03/2026

Snart god påske 🐥Hugs å bruke kalenderen på sykkylven.com!

Her kan du få oversikt over kva som skjer i Sykkylven, og også legge inn ditt eige arrangement😊 (ikkje lukka arrangement).

https://www.sykkylven.com/kva-skjer

Fredag 20. mars kl. 08.30 kjem Bente Lund Jacobsen frå ÅKP og vil fortelje korleis dei tilrettelegg for at gründerar og ...
16/03/2026

Fredag 20. mars kl. 08.30 kjem Bente Lund Jacobsen frå ÅKP og vil fortelje korleis dei tilrettelegg for at gründerar og vekstbedrifter kan nå ut til aktuelle investorar, og du er herved invitert! 💫

‍Stad: SkaparLINKEN
Dato: 20.03.26
Tid: 8:30 - 9:30 (10)

Meir informasjon og påmelding: https://www.skaparglede.no/aktiviteter/frukostmote-20-mars-kapitalinnhenting

🎉Vi er stolte! Sykkylven kommune er nominert til prisen Årets vertskommune for næringslivet 2026Dette er ei anerkjenning...
12/03/2026

🎉Vi er stolte! Sykkylven kommune er nominert til prisen Årets vertskommune for næringslivet 2026

Dette er ei anerkjenning av gode samarbeid, god dialog og høgt engasjement i og for vårt lokale næringsliv. Takk til alle som bidreg til å skape gode løysingar saman🙌

Prisen delast ut 16. mars, av Næringslivets Hovedorganisasjon og KS Kommunesektorens organisasjon, og vi ventar i spenning 🙂

Sykkylven kommune Sykkylven Industri -og Næringslag Sykkylven Handelsforening Opplæringskontoret for Møbel, Tre og Mekanisk Industri Teknologifestivalen ÅKP Materials Grimstad for robotteknologi Nordveggen Ålesund & Sunnmøre Møre og Romsdal fylkeskommune Statsforvaltaren i Møre og Romsdal Norsk Industri kompetansesenter og arkitektur Norge venner Sykkylven ungdomsskule og vaksenopplæring Flyktningtenesta i Sykkylven kommune for Sykkylven og Romsdal Bonde- og Småbrukarlag Seiki Knitting & Technology Næringsfabrikken og mange fleire!

Eit tett samarbeid mellom kommune og næringsliv har gitt Sykkylven plass på lista over landets beste næringslivskommunar.

Interessert i BLI MED HIT! Oslo? Meld deg på digitaltinformasjonsmøte onsdag 4. mars kl. 14.På møtet vil du få naudsynt ...
02/03/2026

Interessert i BLI MED HIT! Oslo? Meld deg på digitaltinformasjonsmøte onsdag 4. mars kl. 14.

På møtet vil du få naudsynt informasjon om jobbmessa, inkludert praktiske rammer, råd om synlegheit og korleis du kan få best mogleg utbyte av deltakinga.

Informasjonsmøtet er ope både for arbeidsgivarar som ønskjer meir informasjon om messa, og for dei som allereie er påmelde.

Meld deg på her: 👉 https://www.skaparglede.no/aktiviteter/informasjonsmote-bli-med-hit-oslo-2026

Jobbmessa vert arrangert på Clarion Hotel The Hub i Oslo måndag 20. april.

Næringsforeninga KNN - Kristiansund og Nordmøre Næringsforening Molde Næringsforum

Adresse

Pilgata 10, 2. Etg
Sykkylven
6230

Åpningstider

Mandag 08:00 - 16:00
Tirsdag 08:00 - 16:00
Onsdag 08:00 - 16:00
Torsdag 08:00 - 16:00
Fredag 08:00 - 16:00

Telefon

+4792455852

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Sykkylven Næringsutvikling - Skaparglede legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Sykkylven Næringsutvikling - Skaparglede:

Snarveier

Del