04/05/2026
BYGGKRAFT 2026 19.mai på Næringsfabrikken!
Ein dag for fagleg påfyll og erfaringsdeling, saman med andre leiarar i bygg, anlegg og eigendom som kjenner kvardagen i prosjekta på kroppen.
Dette er for deg som har ansvar for framdrift, økonomi og resultat. Du som leier folk gjennom endring, handterer uvisse og må ta avgjerder før alle svara ligg på bordet. Du som står midt mellom drift, utvikling, krav frå byggherre og forventningar frå eigne folk.
Denne dagen er sett av til å løfte blikket og styrke deg i leiarrolla. Til å dele erfaringar, hente innsikt og bli betre rusta for avgjerdene som faktisk må takast når presset er på.
Ikkje utset det til etter fristen. Etter neste prosjekt. Eller til ein rolegare periode. For i bygg, anlegg og eigendom kjem den sjeldan.
Les meir her: https://xn--nringsfabrikken-xlb.no/event/byggkraft/
👉 Del gjerne med ein kollega eller leiar du meiner burde vere med