08/05/2026
Skal di bedrift ansette? Gjennom traineeprogramet på Søre Sunnmøre Spring Trainee får ein:
🧠 Tilgang på ny kompetanse og friske perspektiv
🚀 Målretta rekruttering og synlegheit, med støtte gjennom heile prosessen
🤝 Sterkare tilknyting til regionen, via faglege og sosiale møtepunkt som skaper gode relasjonar
Stor stas å ha med Olympic Subsea ASA som traineebedrift - og heldige dei som fekk superflinke Rebecca med på laget 🙌🤩!
Rebecca har eit klart råd: Grip sjansen!
For Rebecca har traineeløpet på Søre Sunnmøre vore den ideelle overgangen frå studium til arbeidsliv. Som trainee hos Olympic Subsea ASA får ho bidra innen både HR, marknadsføring og kommunikasjon. Ho tok tidleg ansvar for internmagasinet - alt frå innhald og intervju til foto/video, design og publisering. Undervegs bygger ho eit sterkt fagleg og sosialt nettverk, og får nye perspektiv gjennom samlingar og møteplassar arrangert av Spring.
Rebecca oppmodar alle som vurderer ei traineestilling til å hoppe i det:
«Du får heilt klart ein akselerert start på karriera di.»
.. Og kva betyr dette for bedriftene som er med i Spring?
🧠 Tilgang på ny kompetanse og friske perspektiv
🚀 Målretta rekruttering og synlegheit, med støtte gjennom heile prosessen
🤝 Sterkare tilknyting til regionen, via faglege og sosiale møtepunkt som skaper gode relasjonar
Skal di bedrift tilsette nokon med 0–3 års erfaring dei neste månadene - eller har de allereie nye talent på plass som de ønskjer å gi ein ekstra god start? Ta kontakt med [email protected] eller send oss ei melding her om det kan vere aktuelt 😀