Godt språk skaper godt inntrykk og gjer bodskapen tydlegare. Språkråd frå Vinje hjelper alle som må skrive noko som andre skal lesa, i det offentlege, i næringslivet, i organisasjonar og i det private. Etter vel 12 år med annan og noko breiare innsats for lokalsamfunnet, tek eg no opp att tilbodet om språkleg rettleiing av ymse slag. Og etter tre periodar i det offentlege er eg ikkje i tvil om at
det er bruk for tilbodet! Namnet er framleis Språkråd frå Vinje, og med dette gjev eg alle som må skrive noko som andre skal lesa, tilbod om:
Korrekturlesing
Retting av skrivefeil i nær sagt alle slags tekster (annonser, reklame, nettsider, brosjyrar, rundskriv, brev, søknader osb.) der ordlyden elles ligg fast. Språkvask
Ein grundigare gjennomgang av tekster der ein òg kan endre ordlyden for å få bodskapen så presis som råd og i samsvar med god målbruk. Tekstutforming
Hjelp til å skrive ei tekst meir frå botnen, gjerne med eit høveleg grafisk oppsett. Omsetjing
Mellom bokmål og nynorsk – eventuelt òg andre språk.