Kvito

Ring Veibeskrivelse Nettsted Kontakt bedriften

Kvito Målet for arbeids- og inkluderingsjobben i Kvito er å kvalifisere deltakarane til det ordinære arbeidsliv.

Kvito tek utgangspunkt i den enkelte sine behov: Kartlegg, avklarar og legg til rette for utvikling som fører til at fleire kjem i ordinært arb Kvito tek utgangspunkt i den enkelte sine behov: Kartlegg, avklarar og legg til rette for utvikling som fører til at fleire kjem i ordinært arbeid. Kvito har eit tverrfagleg miljø, gode kvalifiseringsarenaer, og eit omfattande nettverk mot næringslivet og det offentlege, som vert nytta til det beste for arbeidssøkjarane. Kvito ynskjer å vera ei bru mot arbeidslivet slik at fleire kjem i arbeid og aktivitet til det beste for den enkelte og for samfunnet.

☀️ God sommar til alle saman! ☀️No går vi inn i sommaren med stor takksemd og mykje å vere stolte av. 🫶Det siste halvåre...
03/07/2026

☀️ God sommar til alle saman! ☀️

No går vi inn i sommaren med stor takksemd og mykje å vere stolte av. 🫶

Det siste halvåret har gitt oss mange fine augeblinkar.
Vi har feira fullførte kompetansebevis, gledd oss over menneske som har fått seg nye jobbar, og tatt imot nye arbeidstakarar i bedrifta vår. 🎉

Kvar einaste suksesshistorie betyr mykje for oss ❤️

Vi er også utruleg takksame for det gode samarbeidet med næringslivet og bedrifter rundt oss.
Saman skaper vi moglegheiter, løyser bemanningsbehov og bidreg til at fleire får oppleve meistring, fellesskap og deltaking i arbeidslivet. 🤗

Det er saman vi får det til. 🤝🫶

Tusen takk til alle deltakarar, samarbeidspartnarar, kundar og følgerar som er med og gjer dette arbeidet så viktig.

Vi ønskjer dykk alle ein riktig god sommar 🌿🌸
Ta vare på kvarandre, nyt sommardagane og lad opp til ein fin haust.

Kopano AS
Tokke kommune
Vinje kommune
Nissedal kommune
Kviteseid kommune
iArbeid
Arbeid & Inkludering

19/06/2026
🎊 Endå ein milepæl er nådd! 🎊I dag fekk vi nok ein grunn til å vere stolte. Kompetansprøve i kokkefaget resultat: Meget ...
16/06/2026

🎊 Endå ein milepæl er nådd! 🎊

I dag fekk vi nok ein grunn til å vere stolte.
Kompetansprøve i kokkefaget resultat:
Meget godt bestått 🤩

Vår lærekandidat i kokkefaget Robin Sollie har bestått kompetanseprøva si!🎉🙌🏻

🌟Gjennom to år har vi fått sjå ein ung mann vekse, både som fagperson og som menneske. Med målretta innsats, pågangsmot og vilje til å lære har han utvikla seg til å bli ein dyktig kandidat i faget.

På prøva viste han fram kunnskap og ferdigheiter gjennom å lage baguettar, lasagne og den tradisjonsrike desserten tilslørte bondepiker. 🥖

Eit flott resultat som gav ein velfortent meget godt bestått som karakter. 🤩👌🏻

Vi er utruleg stolte over det han har oppnådd, og takksame for at vi har fått vere ein del av reisa hans.🌟
Ein varm takk til fagleg instruktør Egil Kaasa for engasjement og fagleg rettleiing, og til våre tilretteleggjarar ved Kakeringen, Frøydis Skogheim og Anne Kristin Seltveit, for den gode støtta og oppfølginga gjennom heile læretida. 🫶🤝

Gratulerer så mykje med dagen og den flotte prestasjonen Robin! 🌟👏🎉



Kopano AS
Tokke kommune
Vinje kommune
Kviteseid kommune
Nissedal kommune
iArbeid
Arbeid & Inkludering

🎉 For ein dag! 🎉I dag bestod vår lærekandidat i logistikk Eirik Solheim kompetanseprøva, og vi kunne ikkje vore meir sto...
12/06/2026

🎉 For ein dag! 🎉

I dag bestod vår lærekandidat i logistikk Eirik Solheim kompetanseprøva, og vi kunne ikkje vore meir stolte!

Det har vore ei glede å få følgje utviklinga di gjennom desse åra Eirik, og vi er veldig glade for å ha fått vere med på reisa.
Resultatet i dag er vel fortent. 👏

Samtidig vil vi rette ein stor takk til vår faglege instruktør Lars Martin Kåsene for innsatsen, engasjementet og den gode oppfølginga undervegs. 🙌🏻🤝

Gratulerer så mykje Eirik!! 🏆🎉
Vi ønskjer deg all mogleg lykke til vidare! 🚚📦✨
Vinje kommune
Kviteseid kommune
Nissedal kommune
Tokke kommune
Kopano AS
iArbeid
Arbeid & Inkludering

🤝  , saman får vi fleire i arbeidI dag deltok Kvito i markeringa med fokus på tilrettelagt arbeid.Bakgrunnen er arrangem...
11/06/2026

🤝 , saman får vi fleire i arbeid

I dag deltok Kvito i markeringa med fokus på tilrettelagt arbeid.

Bakgrunnen er arrangementet til iArbeid
«Årets viktigaste frukost», som blir arrangert framfor Stortinget for å setje søkelys på ei av dei viktigaste samfunnsutfordringane vi har:
Korleis få fleire menneske inn i arbeid.

🧩Norge har over 100 000 unge utanfor arbeidslivet. Samstundes melder både offentlege og private verksemder om stort behov for arbeidskraft. Slik kan vi ikkje ha det.

👷👷‍♀️Norge skal få 150 000 fleire i jobb innan 2030. Skal vi lukkast med det, må vi ta i bruk alle tilgjengelege arbeidskraftressursar.
Vi har ikkje råd til å la arbeidskraft gå til spille, og vi kan ikkje la unge bli sitjande på innbyttarbenken år etter år.

Difor ønskjer Kvito i dag å løfte fram samarbeidet vårt med Dalen Mekaniske Produksjon As

🙌🏻Dalen Mekaniske vist at dei ser moglegheiter i menneske og tek samfunnsansvaret sitt på alvor.
Dei har opna dørene, skapt arbeidsmoglegheiter og bidrege til at fleire har fått utvikle seg, oppleve meistring og finne sin plass i arbeidslivet.

Difor valde Kvito i dag å dele ut ein pris til Dalen Mekaniske som eit synleg bevis på sosial berekraft.

🏆Prisen er ei anerkjenning av det viktige arbeidet bedrifta gjer saman med oss i Kvito for inkludering, mangfald og deltaking i arbeidslivet.

For oss er dette eit konkret døme på korleis løysinga ser ut i praksis.
Når næringslivet og arbeidsinkluderingsbedrifter samarbeider tett, skapar vi moglegheiter for menneske som treng ein veg inn i arbeidslivet, samtidig som bedriftene får tilgang til verdifull arbeidskraft.

Samarbeidet vårt handlar om å sjå ressursane i menneske, ikkje avgrensingane.

🤝Det handlar om å skape meistring, utvikling og tilhøyrsle, samtidig som vi dekkjer eit reelt behov i arbeidslivet.

Vi trur at fleire slike samarbeid er ein viktig del av svaret på utfordringane vi står overfor. Skal vi lukkast med å få fleire i arbeid, må vi sjå heile mennesket, og ta i bruk .

Takk til Dalen Mekaniske for at de er med og viser vegen. 🤗



Kopano AS
Tokke kommune
Vinje kommune
Kviteseid kommune
Nissedal kommune
NAV Vestfold og Telemark - Vi gir mennesker muligheter

☀️ Sommarfest i Kvito ☀️Nokre av dei beste augneblikka oppstår når vi tek oss tid til å møtast og vere saman.Årets somma...
05/06/2026

☀️ Sommarfest i Kvito ☀️

Nokre av dei beste augneblikka oppstår når vi tek oss tid til å møtast og vere saman.

Årets sommarfest baud på natursti, quiz, gode aktivitetar og mange fine samtalar.
Mellom latter, samarbeid og nye møte på tvers av avdelingane, vart det også tid til både grillmat og dessert.

Slike samlingar er viktige for å byggje fellesskap, styrkje samhaldet og skape gode relasjonar på arbeidsplassen.

Takk til alle som bidrog til ein flott sommardag i Kvito! 🌿😊
Tokke kommune
Nissedal kommune
Kviteseid kommune
Vinje kommune
iArbeid
Kopano AS

🥙✨ FOR EI BESTILLING! ✨🥙I går hadde cateringavdelinga vår gleda av å lage heile 155 wraps til ei stor bestilling frå Vin...
28/05/2026

🥙✨ FOR EI BESTILLING! ✨🥙
I går hadde cateringavdelinga vår gleda av å lage heile 155 wraps til ei stor bestilling frå Vinje kommune 🙌
Me vil rette ein stor takk til Vinje kommune for tilliten og for at de vel å bruke oss 💛

Det betyr mykje for oss som arbeid- og inkluderingsbedrift !
Kvar bestilling skaper meiningsfulle arbeidsoppgåver, meistring og gode dagar for mange av våre flinke medarbeidarar.
Hos oss handlar det ikkje berre om god mat, det handlar òg om å skape moglegheiter, fellesskap og arbeidsglede 🌟

Tusen takk for oppdraget!
Me set stor pris på at de vel lokalt og inkluderande! 😊

Kopano AS
Kviteseid kommune
Tokke kommune
Nissedal kommune
Vinje kommune
iArbeid
Arbeid & Inkludering

🎉 Mykje positivt skjer i Kvito om dagen!Vi har no søkt godkjenning som Opplæringsbedrift i produksjonsteknikk for læreka...
22/05/2026

🎉 Mykje positivt skjer i Kvito om dagen!

Vi har no søkt godkjenning som Opplæringsbedrift i produksjonsteknikk for lærekandidatar, samtidig som vi har fått nye faglege instruktørar innan produksjonsteknikk, logistikk og konditorfaget 👏 🧑‍🎓

Til hausten har vi fleire lærekandidatar, og Kvito er no godkjent innan:
✔️ Bakar- og konditorfaget
✔️ Kokkefaget
✔️ Logistikkfaget
✔️ Produksjonsteknikk

Vi er også i full gang med produksjon på Dalen mekaniske fem dagar i veka!
Tilsette i tilrettelagt arbeid trivst svært godt med oppgåvene, og arbeidet gir både meistring, motivasjon og verdifull kompetanse 💪

Gjengen vår i Kviteseid og Nissedal har verkeleg vist kva samarbeid, innsats og arbeidsstoltheit betyr i praksis. Dei har allereie produsert fleire kassar for Dalen mekaniske, og bidreg med viktig arbeid som skaper både meistring, utvikling og verdifulle arbeidsmoglegheiter 🙌

Tusen takk til alle medarbeidarar og faglege instruktørar som bidreg til å skape gode moglegheiter for ungdom og tilrettelagt arbeid i Vest-Telemark ❤️

Vi får det til i Kvito 💙
Kopano AS
Kviteseid kommune
Tokke kommune
Nissedal kommune
Vinje kommune
Dalen Mekaniske Produksjon As
Arbeid & Inkludering
iArbeid

Gratulerer med dagen! 🇳🇴🌿17. mai er ein dag for fellesskap, mangfald og samhald. 🤝Når det er plass til ulikskap og rom f...
17/05/2026

Gratulerer med dagen! 🇳🇴🌿

17. mai er ein dag for fellesskap, mangfald og samhald. 🤝
Når det er plass til ulikskap og rom for alle, blir både kvardagen og feiringa litt finare. 😃

Vi ønskjer alle ei strålande feiring! 🇳🇴😃

📣Vi har ledig stilling i tilrettelagt arbeid🙌🏻No har du sjansen!Bli med på eit spennande og meiningsfullt samarbeid! 🌟Gj...
07/05/2026

📣Vi har ledig stilling i tilrettelagt arbeid🙌🏻

No har du sjansen!
Bli med på eit spennande og meiningsfullt samarbeid! 🌟

Gjennom Kvito sitt samarbeid med Dalen Mekaniske Produksjon As har du no moglegheit til å bli ein del av eit inkluderande arbeidsfellesskap med varierte oppgåver og gode utviklingsmoglegheiter. 😃🙌🏻

Stillinga er knytt til produksjonsarbeid i
Dalen Mekaniske sine lokaler der du får bidra i arbeidsoppdrag og vere ein viktig del av teamet👩‍🔧🧑‍🔧.

Kanskje dette er starten på din nye arbeidskvardag? 🤩

🕘 Arbeidstid: 09.00–15.00
📅 Omfang: Inntil 5 dagar per veke
🔧 Arbeidsoppgåver:
• Enkle pusseoppdrag
• Pakking og klargjøring Monteringsarbeid
• Prosessar innan overflatebehandling
• Pakking av kobber

💛 Kva kan du forvente hos oss?
Vi tilbyr eit trygt, sosialt og inkluderande arbeidsmiljø der du får tett oppfølging og tilrettelegging etter dine behov.

👤 Kven ser vi etter?
• Du har uføretrygd
• Du ønskjer ein aktiv og strukturert kvardag
• Du likar praktisk arbeid og å bidra

👉 Klar for å gripe sjansen?

Ta kontakt med Kvito for ein uforpliktande prat, eller ei omvisning på avdelinga
Kanskje dette er plassen for akkurat deg 🫵

Kontaktpersonar
Lars Martin Kåsene
412 89 910

Hege Torunn Kovajord
911 23 772

Tokke kommune
Vinje kommune
Kviteseid kommune
Nissedal kommune
Kopano AS
Arbeid & Inkludering
iArbeid

Adresse

Dalsvegen 28
Vinje
3890

Åpningstider

Mandag 09:00 - 15:00
Tirsdag 09:00 - 15:00
Onsdag 09:00 - 15:00
Torsdag 09:00 - 15:00
Fredag 09:00 - 15:00

Telefon

+4735077500

Varslinger

Bli den første som får vite det: Vi sender deg en e-post når Kvito legger ut nyheter og kampanjer. E-postadressen din brukes ikke til noe annet formål, og du kan melde deg av når som helst.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Kvito:

Snarveier

Del

Kategori