21/07/2026
Skal me klare å tiltrekkje oss dei rette folka til Hardanger og Voss, må me også bli betre til å fortelje kvifor dei skal velje oss.
Altfor mange stillingsannonsar er framleis fulle av standardformuleringar, interne omgrep og lange kravlister.
Dei seier mykje om kva arbeidsgivaren ønskjer seg – men altfor lite om kvifor ein dyktig kandidat faktisk skal søkje.
Onsdag 26. august kjem Fredrik Fornes til Voss kulturhus med foredraget: «Slutt å skrive ræva stillingsannonser!»
Her får du konkrete råd, døme og verktøy for å skrive stillingsannonsar som faktisk tiltrekkjer dei rette kandidatane.
Dette handlar om meir enn berre betre tekst.
Det handlar om:
🎯 korleis me synleggjer spennande arbeidsplassar og sterke fagmiljø
🎯 korleis me konkurrerer om kompetanse
🎯 korleis me byggjer attraktive arbeidsgivarar
🎯 korleis me får fleire til å oppdage moglegheitene for både karriere og livskvalitet på Voss
Me vil på det sterkaste anbefale næringslivet på Voss å få med seg dette.
Og me oppmodar leiarar, HR- og rekrutteringsansvarlege i Voss herad, Kvam herad, Ulvik herad, Kvinnherad kommune, Ullensvang kommune og Eidfjord kommune til å gjere det same. Kommunane er ein av dei største arbeidsgivarane i regionane våre, og ein heilt sentral aktør i arbeidet med rekruttering og tilflytting.
Skal regionen vinne kampen om framtidas kompetanse, må offentleg og privat sektor bli betre på dette saman.
📅 Onsdag 26. august 2026
⏰ Kl. 18.00–19.30
📍 Voss kulturhus
Arrangementet er i regi av Indre Vestland Næringsråd, i samarbeid med Voss herad.
👇Meld deg på her:
Korleis skriv du stillingsannonser som faktisk får dei rette folka til å søkje?Fredrik Fornes har hjelpt verksemder over heile landet med å tiltrekkje seg fleire og betre kandidatar På dette foredraget får du konkrete råd, døme og verktøy du kan ta i bruk med ein gong.