Nordhordland brann og redning

  • Home
  • Nordhordland brann og redning

Nordhordland brann og redning Velkommen til Nordhordland brann og redning (NHBR) og
Nordhordland og Gulen Interkommunale Brannførebyggjande avdeling! SPØRSMÅL ELLER KOMMENTARER? - JA, TAKK!

VELKOMMEN TIL FACEBOOKSIDA FOR:

- Nordhordland brann og redning (NHBR)
- Nordhordland og Gulen Interkommunale Brannførebyggjande avdeling (NGIB)

Her delar vi informasjon om smått og stort frå arbeidet vårt. Vi ønskjer å gje deg eit innblikk i kven vi er og kva vi driv med. Vi vil også bruke sida til å drive aktiv førebygging, og ta opp viktige tema som gjer at du lærer noko og får ein tryggare k

vardag. Del gjerne spørsmål og innspel på denne sida. Vi svarar på spørsmål i arbeidstida, så snart vi har høve. Spørsmål som krev sakshandsaming høyrer ikkje heime på denne facebooksida. Dei må du sende til oss på andre måtar, til dømes i ein e-post. Kontaktinformasjon til dei ulike avdelingane finn du på Alver kommune si heimeside – www.alver.kommune.no

VART INNLEGGET ELLER KOMMENTAREN DIN SLETTA? Vi fjernar innlegg som er upassande eller ikkje har noko med NHBR å gjere. Ikkje skriv personsensitiv informasjon på denne sida. KONTAKT OSS

• Ved brannar, ulykker og katastrofer – ring 110
• Treng du kontakt med oss utanom ordinær arbeidstid, ring vakthavande brann på 918 61 247
• Har du spørsmål som ikkje er av ein akutt karaktert, ta kontakt med oss i arbeidstida – https://www.alver.kommune.no/artikkel/slik-er-vi-organisert

18/07/2026

Tankane våre går til alle som er råka av storbrannen i Krokstadelva i Drammen!

Den omfattande brannen i Krokstadelva har gjort sterkt inntrykk på oss. Tankane våre går først og fremst til dei som har mista heimane sine og til alle andre som er råka av denne alvorlege hendinga.

Vi ønskjer samstundes å uttrykkje vår djupaste respekt og anerkjenning til alle som har delteke i den krevjande innsatsen. Gjennom heile døgnet har innsatspersonell, frivillige og andre ressursar lagt ned ein imponerande innsats under svært krevjande forhold.

Når ei så alvorleg hending råkar, viser brann- og redningsvesena kor viktig det er å stå saman og hjelpe kvarandre på tvers av kommune- og regionsgrenser. Samarbeid, samhald og vilje til å stille opp er avgjerande når samfunnet blir sett på prøve.

Vi sender våre varmaste tankar til alle som er råka, og ønskjer dei berørte og innsatspersonellet alt godt i den krevjande tida framover.

01/07/2026

Vi er kanskje ikkje dei beste til å ro - men å heie, det kan vi!🇳🇴🚒🚑

Jan Erik Hansen gir seg i Nordhordland brann og redning etter om lag 25 år.Tusen takk for innsatsen gjennom 25 år som ko...
01/07/2026

Jan Erik Hansen gir seg i Nordhordland brann og redning etter om lag 25 år.

Tusen takk for innsatsen gjennom 25 år som konstabel, sjåfør og utrykkingsleiar. Du har vore ein viktig del av beredskapen i regionen, og har gjennom mange år bidrege med stort engasjement, fagleg dyktigheit og lojalitet.

Til alle døgnets tider, året rundt i 25 år har du tatt dine vakter og stilt opp når alarmane har gått. Vi set stor pris på alt du har lagt ned for brannvesenet, kollegaene dine og innbyggjarane.

Vi ønskjer deg alt godt vidare, og takkar for 25 år i teneste for innbyggjarane i Nordhordland.

🐻🛟 Bjørnis har vore på sjøen!I helga besøkte han Nasjonal maritim sikkerheitsdag hjå  . Han hadde sitt eige supershow, s...
22/06/2026

🐻🛟 Bjørnis har vore på sjøen!

I helga besøkte han Nasjonal maritim sikkerheitsdag hjå . Han hadde sitt eige supershow, song, dansa og hadde det skikkeleg kjekt saman med mange glade born og vaksne. Og sjølvsagt vart det delt ut ein heil haug med Bjørnis-klemmar! 🤗❤️

Bjørnis fekk og ein tur med Elias-båten til ! 🚤 Før avgang fekk han på seg den nye redningsvesten han fekk i gåve frå , og ei god innføring i korleis ein ferdast trygt på sjøen. Då var han klar for eventyr! 🌊🛟

Tusen takk for ein super dag fylt med læring, glede og gode opplevingar! ❤️🔥

03/06/2026

Lurar du på kor du kan møte Bjørnis i sommar? Finn ut meir på heimesidene til Brannbamsen, kanskje det er et arrangement nær deg 🐻🥰🌞👌⛅️❤️🥳

Møtet mellom Bjørnis og barna er magisk Book Bjørnis Bli med på juleshow med Bjørnis

Gratulerer med dagen🇳🇴🇳🇴🇳🇴 Med ynskje om ei strålande 17 mai feiring!
17/05/2026

Gratulerer med dagen🇳🇴🇳🇴🇳🇴
Med ynskje om ei strålande 17 mai feiring!

Har du tenkt deg ut på bøljane blå? ⛵️☀️😎👍Visste du at den populære oppblåsbare redningsvesten har ein utløysermekanisme...
29/04/2026

Har du tenkt deg ut på bøljane blå? ⛵️☀️😎👍

Visste du at den populære oppblåsbare redningsvesten har ein utløysermekanisme med utløpsdato?
- og derfor bør du sjekke vesten kvart år - ein vest som ikkje er sjekka kan gje falsk tryggleik!

No er det tid for med Redningsselskapet, 04.-10. mai Les meir på: https://rs.no/sjekkvesten/

Var dette nytt for deg? Ja, då er det kanskje fleire som ikkje veit - så lik og del - og ikkje minst i dag🫵💙😎

Mange trenger hjelp på årets første båttur. Her er Redningsselskapets beste tips for en hyggelig start på båtsesongen.

Yr har utvida farevarsla for gras- og lyngbrannfare, både når det gjeld varigheit og område ⚠️ Det er no sendt ut gult f...
21/04/2026

Yr har utvida farevarsla for gras- og lyngbrannfare, både når det gjeld varigheit og område ⚠️ Det er no sendt ut gult farevarsel som òg gjeld snøfrie område i Vestland fylke.

Sjølv om det er venta noko nedbør enkelte stader, må det ein skikkeleg rotbløyte til før brannfaren blir vesentleg redusert ☔

Sjå yr.no for detaljer.
https://www.yr.no/nb/meteorologene/53cec715-d841-49be-a414-4794c6a00c91

Vi har utvidet farevarslene for gress- og lyngbrannfare, både i varighet og område⚠️ Nå har vi sendt ut gult farevarsel som gjelder for snøfrie områder i Vestland fylke også.

Det blir kraftige vindkast fleire stader i Sør-Noreg i morgon ⚠️Allereie natt til torsdag aukar vinden for delar av Vest...
11/03/2026

Det blir kraftige vindkast fleire stader i Sør-Noreg i morgon ⚠️
Allereie natt til torsdag aukar vinden for delar av Vestlandet og Trøndelag.

Vi tilrår å sikre lause gjenstandar!

Illustrasjon: yr.no

Address

Stølen 7

5911

Website

Alerts

Be the first to know and let us send you an email when Nordhordland brann og redning posts news and promotions. Your email address will not be used for any other purpose, and you can unsubscribe at any time.

Shortcuts

  • Want your business to be the top-listed Business?

Share